AV OTTAR NEVSTAD
Taigaspissmusa er eit pattedyr som tilhøyrer spissmusfamilien. Det finst seks artar spissmus i Noreg. Dvergspissmus, vanleg spissmus og vass-spissmus finn ein stort sett over heile landet. Lappspissmusa finn ein stort sett i Finnmark, medan liten dvergspissmus er kartlagd berre nokre få stadar i landet.
Det er Tore Christian Michaelsen, Tor A. Røsberg, Oddvar Olsen og Per. I. Karbø som har gjort det første funnet av Taigaspissmus på Sunnmøre. Det vart funne eit kjevebein i ein gulpebolle i ei uglekasse i Hellesylt. Etter nærare gransking synte det seg til at kjakebeinet tilhøyrde ei taigaspissmus.
Taiga
Taiga er eit urskogområde i Sibir. Taiga vert også nytta om den blanding av barskog og myr som ein finn i austre delar av Hedmark og som går gjennom Sverige, Finland og inn i Russland.
Diktaren Rolf Jakobsen brukar ordet taiga i diktet "Tanker ved Ånestadkrysset". I dette diktet står det mellom anna:
"Bortafor Ånestadkrysset, der langskogene tar til.
Gjennom Elverum og Trysil helt til Botniska viken
kan du høre sangen i trekronene
lyden med eventyr i.
For ved Ånestadkrysset i Løten begynner taigen
( Visste du det?) Det euro-asiatiske barskogbeltet,
jordklodens grønne skjerf rundt halsen
Som ikke ender før i Stillehavets bølger,
ved Vladivostok."
Taigaspissmusa finn ein i Russland og i Finland og er ein spissmusart med austleg utbreiing.
Levesett
Taigaspissmusa likar seg på næringsrikt jordsmonn. Ho livnærer seg mellom anna av makk, insekt, biller og vevkjerringar. Taigaspissmusa vert stort sett berre eit år gammal. Ho er stadig på farta heile året. Mange rovdyr et ikkje den drepne Taigaspissmusa, fordi ho har nokre kjertlar som skil ut eit illeluktande stoff. Kattar som fangar og drep spissmus, et ikkje spissmusa av den grunn. Ugler kan neppe ha god luktesans sidan ymse spissmusartar er ein del av kvardagskosten hennar.