Synshemma: – Blir bedt om å forlate uteplassar

I mørke lokale har Trond Heien problem med å ta seg fram. Det gjer at dørvaktene ofte trur han er full, og ber han om å gå frå uteplassar. Mange med nedsett funksjonsevne blir nekta i døra.

Trond Heien

– Nesten kvar gong eg går ut får eg beskjed om å forlate uteplassen, fortel synshemma Trond Heien.

Foto: Eirin Aardal / NRK

– Veldig mange med nedsett funksjonsevne fortel at dei blir nekta å komme inn på uteplassar, dei blir ikkje servert eller at dei blir oversett og trakassert, seier likestillings- og diskrimineringsombod Sunniva Ørstavik, til NRK.

Ho seier historiene som synshemma fortel er ganske like. Dei blir nekta i døra.

– Mange får beskjed om at "du er full" eller at det er fullt. Nokre får direkte beskjed om at vi vil ikkje ha slike som deg her, seier Sunniva Ørstavik til NRK.

Sunniva Ørstavik

Likestillings- og diskrimineringsombod Sunniva Ørstavik seier veldig mange synshemma blir nekta i døra.

Foto: JON-ARE BERG-JACOBSEN / LDO

Ørstavik meiner dette er ei form for diskriminering det er vanskeleg å registrere. Det fins få tal og det er vanskeleg å bevise. Ofte blir det ord mot ord.

– At du ikkje er ønska på ein utestad blir opplevd som skamfullt. Det å orke å ta saka si vidare er for mange eit veldig stort steg.

– Ubehageleg å bli kasta ut

Trond Heien har augeprotese på det eine auge og ser dårleg på det andre.

– Nesten kvar gong eg går ut får eg beskjed om å forlate uteplassen, fortel Heien.

Inne i mørke lokale har Trond Heien problem med å ta seg fram. Han fortel at vaktene ofte trur han er full og ber han om å gå.

– Eg har veldig dårleg mørkesyn. Når eg prøvar å gå igjennom eit mørkt lokale må eg gå langsamt og sjå ned. Om der er trappetrinn må eg kjenne meg fram, seier han.

– Det kan sjå ut som at eg er full utan at eg har drukke noko som helst. Då forstår eg at vaktene har problem med å bedømme det.

Ein av episodane han opplevde valde han å ta vidare til Likestillings- og diskrimineringsombodet. Dei konkluderte med diskriminering. Dette er likevel berre eit av mange tilfelle.

– Det følast veldig ubehageleg å bli kasta ut frå stader. Å ikkje vere ønska. Det er nok med på å dra ned lysta på å gå ut, seier han.

Virke kjenner til problemet

Reiselivsdirektør Hilde Charlotte Solheim i Virke.

– Virke kjenner til problemet, seier Hilde Charlotte Solheim i hovudorganisasjonen

Foto: Virke

Hilde Charlotte Solheim i hovudorganisasjonen Virke understrekar at diskriminering ikkje skal skje på norske utestader.

Ho seier at styresmaktene køyrer omfattande kampanjar for å hindre overskjenking, og at dei slår hardt ned på stader som serverer berusa gjestar.

Difor er det vanskeleg når nokre symptom på funksjonsnedsetjing kan forvekslast med symptom på at personen er full.

– Vi kjenner til problemet og at ein kan misforstå og tru at dei er berusa. Vi har døme på at utestader har blitt tatt i skjenkekontroll når gjesten har hatt funksjonsnedsetting og ikkje vore berusa, seier ho.

– Må miste moglegheita til å drive utestad

Hilde Charlotte Solheim meiner løysinga er meir kunnskap.

– Utelivet er avhengig av at gjesten opplyser om situasjonen. Det er berre auka kunnskap og kompetanse hos ordensvakter, på utestaden og i den kommunale skjenkekontrollen som gjer at vi kan løyse dette, slik at byen blir ein hyggeleg stad å vere for alle, seier Solheim.

Likestillings- og diskrimineringsombod Sunniva Ørstavik har tru på ei viss grad av kontroll på utestadene, i tillegg til god rettleiing.

– Ein utestad som gjentekne gongar nektar folk å vere der utan god grunn må miste moglegheita til å drive utestad, seier Ørstavik.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger