Hopp til innhold

Svir av stadig meir pengar på nikotintyggis - bortkasta, meiner forskar

Salet av nikotintyggjegummi og andre røykeavvenningsmiddel aukar, syner tal som Folkehelseinstituttet legg fram tysdag. – Bortkasta pengar, meiner SIRUS-forskar.

Stumper røyken

Nordmenn kjøper stadig meir tyggis, plaster og sugetablettar med nikotin i butikk. For ni av ti som prøver å stumpa røyken, har det ingen effekt, seier Sirus-forskar Karl Erik Lund.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

Karl Erik Lund foto: Privat

Motivasjon og viljestyrke er det du treng for å klara å slutta å røykja, meiner forskingsleiar ved Sirus Karl Erik Lund.

Foto: Nejad, Arash A. / nyebilder.no

Totalt blei det selt 1,4 millionar pakningar med nikotinhaldig tyggis, plaster og sugetablettar i Noreg i fjor – seks prosent meir enn året før, viser ny statistikk frå Folkehelseinstituttet.

I løpet av dei siste fire åra har salet av røykeavvenningsprodukt stige med over 30 prosent.

Å bruka det som eit hjelpemiddel til røykeslutt er likevel bortkasta pengar, meiner forskingsleiar ved Sirus, Karl Erik Lund.

– Nikotinerstatningsmidla som finst på marknaden har ingen effekt. Forsking viser at av 100 personar som prøver å slutta å røykja, lukkast fem utan nikotinerstatning, ti med. Uansett begynner 90 å røykja igjen innan eitt år. Dermed er nikotinerstatning bortkasta pengar for ni av ti som ønskjer å stumpa røyken. Det seier reklamen ingenting om, påpeikar forskaren.

FHI: – Bra dersom det hjelper

Seniorrådgjevar Solveig Sakshaug ved FHI

Dersom salsauken betyr at folk røykjer mindre, så er det bra, seier seniorrådgjevar ved Folkehelseinstituttet Solveig Sakshaug.

Foto: FHI

På apoteket kostar ein pakke med 96 nikotintyggis om lag 230–330 kroner, avhengig av nikotinstyrke.

NRK har førebels ikkje lukkast i å få ein kommentar frå dei største produsentane av røykeavvenningsmiddel i Noreg.

At det er innført fleire restriksjonar for kvar ein har lov til å tenna sigaretten, og at stadig fleire stumpar røyken for godt, er truleg to av årsakene til at salet av nikotinerstatning aukar, ifølgje FHI.

– Dersom dette betyr at folk røykjer mindre, så er det bra. Men det aller beste er jo å stumpa røyken utan å ty til nikotintyggjegummi og liknande. Ein kan bli avhengig av det også, seier seniorrådgjevar Solveig Sakshaug ved FHI.

Nikotin er eit giftstoff som er farleg i store dosar, og som er minst like avhengnadsskapande som heroin og kokain.

Ifølgje Statens institutt for rusmiddelforsking (Sirus) er det likevel heilt ufarleg å bruka nikotinerstatningsmiddel, fordi nikotindosen er såpass låg at det verken er helseskadeleg eller avhengnadsskapande.

To ting er avgjerande

I fjor klarte om lag 70.000 nordmenn å slutta. Etter at røykelova blei innført i Noreg i 2004, har minst 410.000 personar gått over til eit røykfritt liv, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

Dei som lukkast har ofte to ting til felles, ifølgje Sirus-forskaren.

– Du må opparbeida deg motivasjon og viljestyrke. Det gjeld uansett kva for nokre framgangsmåtar og hjelpemiddel du måtte ty til, påpeikar Lund.

AKTUELT NÅ