Hopp til innhold

Svindelforsøka blir grovare: Sa at bestekompisen til Pil var død

Svindlarar laga ei falsk dødsannonse for å lokke folk inn på nettstaden deira. Dei kriminelle har blitt meir kreative i sine forsøk på å svindle, seier Kripos.

Pil Cappelen Smith og Andreas Cappelen.

Andreas Cappelen (t.h.) og Pil Cappelen Smith driv bokhandelen Cappelens Forslag i Oslo.

Foto: Privat

– Først blei eg skikkeleg redd, og så blei eg skikkeleg forbanna, seier Pil Cappelen Smith (48).

Han og barndomsvennen Andreas Cappelen (48), som også er kjent som skodespelar, driv ein bokhandel saman i Oslo. Dei har vore venar i over 30 år.

Så då Pil fekk eit varsel om at Andreas var død, kvapp han til.

– Eg har på eit søkevarsel på når namnet til bokhandelen vår dukkar opp på nettet, og der fekk eg plutseleg eit varsel om at Andreas var død. Deretter stod det byrjinga på ein nekrolog der, som eg såg stemte med hans liv, fortel han.

Først fekk Pil Cappelen Smith varsel om at Andreas var død. Då han trykte seg inn på saka kom han inn på ein falsk VG-artikkel.

Når Pil trykte seg inn på lenka, kom han til ein falsk VG-artikkel. Der gav påverkar Sophie Elise tips til gode investeringar.

Foto: Skjermdump / privat

I den falske VG-artikkelen som overskrifta lenker til, blir folk oppfordra til å registrere seg og investere i kryptovaluta. Bitcoin er eit døme på kryptovaluta, som berre finst digitalt.

Tok det alvorleg i starten

Andreas var bortreist på ferie då Pil fekk varselet.

– Det at han var død rima jo ikkje med min informasjon. Men eg tok det alvorleg med ein gong, og ringde og spurte Andreas om han var død. Han var ikkje død, berre på familieferie i Stavanger, svarte han.

Pil Cappelen Smith

Pil Cappelen Smith meiner denne svindelmetoden er eit nytt lågmål. – Internett er fullstendig lovlaust, seier han.

Foto: Hilde Bjørnskau / NRK

Ifølge varselet var dette ein artikkel frå NRK. Men då Pil trykte seg inn på lenka kom han inn på ein falsk VG-artikkel, der bloggar og påverkar Sophie Elise fortalde om eit «smotthol til rikdom».

Han skjønte raskt at dette dreidde seg om svindel.

– Eg følgjer jo med i tida og er naturleg mistenksam til slike ting, men det kunne lett gjort kål på mi gamle mor viss det var meg ho fekk ein slik e-post om.

Synest du det sleipt av svindlarane?

– Sleipt, ja! Eg skulle helst ha piska dei nakne ned Karl Johan. Eg meiner heilt alvorleg at dette kan gi ein mykje større og meir destruktiv effekt enn det det hadde på meg. Eg kjenner fleire som ville tatt dette for god fisk.

Pil har lite til overs for dei som lagar falske dødsannonsar som ein måte å drive phishing på.

– Det å bruke folk sine personlege relasjonar til kvarandre til denne typen svindel, det er nytt for meg, seier han.

Har gjort research

Andreas Cappelen, skodespelar.

Skodespelar Andreas Cappelen seier han måtte dobbeltsjekke om at han var i live etter meldinga som sa det motsette.

Foto: Privat

Andreas Cappelen tar saka med ro, men innrømmer at det var ubehageleg å lese om sin eigen påståtte død.

– Det verkar som at NRK skriv om at eg er død, det var litt rart. Men det var eit veldig openbert triks, så det var lett å riste av seg, fortel han.

Andreas har ingen teori om kvifor han blei valt ut av svindlarane. Først tenkte han det kunne vere farfaren hans med same namn, som døydde i 2008, det var snakk om. Men i «nekrologen» opplyste dei om at Andreas hadde spelt i 12 filmar, mellom anna Kompani Orheim.

– Alt står jo på internett, så dei må ha brukt tid på å gjere litt research om meg, seier Andreas, som først og fremst vil åtvare andre mot det som kan vere ein ny svindeltrend.

– Nettsvindel tar stadig nye former

Øystein Andreassen, seksjonsleiar ved Nasjonalt Cyberkrimsenter (NC3) hos Kripos, seier dette er ein variant av andre svindeltrendar dei har sett. Målet er anten å lure folk til å gi frå seg betalingsinformasjon eller få dei til å tru at dei kjøper kryptovaluta.

Øystein Andreassen

Øystein Andreassen i Kripos seier svindlarane blir stadig meir kreative.

Foto: Kripos

– Nettsvindel generelt brer om seg og tar stadig nye former. Dei kriminelle er meir kreative i sine forsøk på å få tak i sensitiv informasjon, opplyser Andreassen.

Han seier svindlarane er kjappe til å endre taktikk.

– Vi ser tendensar til at dei kriminelle tilpassar sine metodar etter kvart som det det setjast i verk førebyggande tiltak.

– Eige ikkje moral eller omsyn

Faktisk.no skreiv i 2019 at det ikkje stemte at Sophie Elise anbefalte eit kryptovaluta-program. Vidar Korsberg Dalsbø, kommunikasjonsrådgjevar i DNB, seier slik «kjendis-svindel» har hatt si stordomstid dei siste tre åra.

Men at dei no lagar falske dødsannonsar for å lokke folk, var nytt også for dei.

Vidar Korsberg Dalsbø

Vidar Korsberg Dalsbø i DNB seier det ikkje er mange som blir lurt av kjendis-svindel no lenger. Derfor finn svindlarane opp nye triks.

Foto: MELLINGSATER

– Men vi veit at svindlarar har brukt folk sine personlege tragediar til å manipulere. Til dømes har dei sendt SMS til foreldre om at barna deira er innlagt på sjukehus, og for å få informasjon rundt det må dei fylle inn BankID eller kontonummer. Dei forsøker å skape ein situasjon der folk ikkje har noko anna val enn å gi frå seg informasjonen, seier Dalsbø.

Samtidig ser det ut til at svindlarane blir meir og meir utspekulerte, meiner han.

– Dei eig verken moral eller omsyn til korleis dette kan ramme folk. Det er heile tida nye versjonar av svindel som kjem, og ein kan vente at den blir grovare.

Før var dårleg språk ofte ein peikepinn på svindel. Også her har dei blitt betre, fortel Dalsbø. Han anbefaler alle å ha ei skeptisk haldning til slike artiklar.

– Gå til nettstaden VG eller NRK, og sjå om artikkelen finst der. Viss ikkje er den falsk, råder han.

Mannen i den falske dødsannonsen, Andreas Cappelen, har derimot eit tips til svindlarane:

– Viss dette er ein ny svindelmetode, så synest eg dei bruker feil inngang på det. Det finst mange andre meir kjente skodespelarar enn meg. Eg hadde gått for Pia Tjelta eller Aksel Hennie, det trur eg ville generert meir klikk.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger