Kong Harald kunngjorde namnet i eit ekstraordinært statsråd på Slottet klokka 9 i dag.
Etter det korte møtet kom statsminister Jens Stoltenberg ut på Slottsplassen for å fortelje omverda om namnet.
PÅ SLOTTSPLASSEN: Statsminister Jens Stoltenberg kom etter det ekstraordinære statsrådet ut på Slottsplassen for å fortelje omverda om namnet. (Foto: NRK)
- Flott namn
- Sverre Magnus er eit namn med ein flott, lang og god tradisjon i norsk historie, sa statsministeren.
- Det er eit kongenamn med tradisjon heilt tilbake til mellomalderen, la han til, og understreka at det var eit namn som regjeringa hadde motteke med glede.
Fødd laurdag
Den vesle prinsen heime på Skaugum. (Foto: H.K.H. Kronprinsessen)
Prinsen kom til verda på Rikshospitalet klokka 10.45 laurdag føremiddag, berre få timar etter at mora, kronprinsesse Mette-Marit, var komen til sjukehuset.
Den nyfødde er nummer tre i arverekkja etter faren kronprins Haakon og storesøster prinsesse Ingrid Alexandra.
3944 gram
Få timar etter fødselen heldt den nybakte faren ein pressekonferanse der han kunne fortelje at fødselen hadde gått raskt og greitt, og at sonen var 3944 gram tung og 52 centimeter lang.
Det blir lagt ut gratulasjonsprotokoll på Slottet der publikum kan skrive seg inn frå klokka 12 til 15 i dag.