Hopp til innhold

Sverige kan måtte be om hjelp frå utlandet

Kapasiteten på svenske sjukehus er sprengd etter stor smitteauke. Nordiske naboland kan no bli bedne om hjelp, skriv fleire svenske aviser.

_6OXxqmGR7w

Socialminister Lena Hallengren og statsminister Stefan Löfven er dei øvste ansvarlege for Sveriges koronarespons. Nå kan det bli aktuelt å be om hjelp frå naboland.

Foto: Henrik Montgomery/TT / NTB

Smitta er rekordstor i Sverige, og kapasiteten på fleire intensivavdelingar vert omtalte som sprengde. Spesielt i Stockholmsområdet. I dag vart det meldt om 160 nye døde det siste døgnet, og totalt har korona tatt livet av 7514 personar i Sverige.

– Skulle me hamne i ein situasjon der me skulle trenge hjelp utover vår eigen nasjonale intensivkapasitet, så er det ikkje noko rart om me tek kontakt med våre skandinaviske vener. Me hjelp jo dei også av og til.

Det seier Sten Rubertsson ved svenske socialstyrelsen til Expressen, og legg til at det er spesielt behov intensivsjukepleiarar.

Pressekonferanse med Stefan Löfven

Statsminister Stefan Löfven på ei av dei mange pressekonferansane om koronasmitte i Sverige.

Foto: Henrik Montgomery/TT / NTB

Noreg stiller seg positive til førespurnad

Det norske Helse- og omsorgsdepartementet seier fredag ettermiddag at dei ikkje har motteke nokon førespurnad frå Sverige så langt, men at dei står klare til å vurdere ein slik førespurnad.

– Dersom svenske styresmakter vender seg til Noreg for bistand vil me raskt vurdere denne. Me har ein helseberedskapsavtale med våre nordiske naboland som mellom anna opnar for transportbistand og helsehjelp, herunder sjukehusbehandling. Me må vurdere vår eigen kapasitet viss me eventuelt får ei førespurnad om eit konkret behov, skriv statssekretær Maria Jahrmann Bjerke i ein e-post til NRK.

Og kan det kanskje kome ein slik førespurnad frå svenskane. Sten Rubertsson seier at svenske helsestyresmakter er usikre på om svenske helsearbeidarar har overskot nok til å kome seg gjennom den perioden som ligg framfor dei, sjølv om talet på intensivpasientar er lågare no enn i mars og april.

Til Dagens Medicin seier han at det vil komme ein nasjonal eskaleringsplan i løpet av det neste døgnet, og det å spørje Finland og Noreg om hjelp kan vere ein del av denne planen.

Då NRK var i kontakt med det svenske socialdepartementet i går var det ikkje konkrete planar om å spørje Noreg om hjelp.

Stor smitte i fleire byar

Men behovet for helsearbeidarar er stort, og særskild i Stockholm der helsedirektør Björn Eriksson bad alle sjukepleiarar om å melde seg. Særskild stort behov er det for intensivsjukepleiarar.

– Me ser no ein veldig alvorleg situasjon og me treng hjelp, sa Eriksson på ein pressekonferanse denne veka.

I går, då det var 83 innlagde på intensivavdeling i Stockholm, vart kapasiteten omtalt som «sprengd». I dag melder SVT at talet har gått opp til 90 personar som ligg til intensivbehandling i Stockholm-området.

Også i Helsingborg har det vore mykje smitte, og ei av forklaringane på smittespreiinga har vore kø på Black friday.

Norske sjukepleiarar er klare

– Om det er nødvendig, så er det like naturleg å sende eit team til Sverige som det er å sende til Italia og Hellas, som det er gjort tidlegare, seier leiar i Norsk sjukepleiarforbund, Lill Sverresdatter Larsen.

Ho seier at det blant sjukepleiarar i Noreg har vore snakk om situasjonen i Sverige, og at det er tydeleg at deira svenske kollegaer treng hjelp.

– Me høyrer om overbelasta tenester på sjukeheim og intensivavdelingar. Det er verken kapasitet eller personell nok med riktig fagkompetanse, seier Larsen.

Mangelen på slik personell kan både gje større dødelegheit og mindre smertelindring, seier ho.

Over 7.000 nye smittetilfelle kvar dag

No skal alle i Sverige få ein SMS med informasjon om koronareglane i landet. 22 millionar SMS-ar skal bli sende ut og dei skal informere om dei nye nasjonale reglane som trer i kraft frå måndag av.

Statsminister Stefan Löfven har allereie sagt at den svenske jula ikkje kjem til å bli som normalt. Reglane for jula i Sverige er strengare enn reglane i Noreg, gitt den alvorlege smittesituasjonen.

Dei siste dagane har over 7.000 menneske blitt registrert smitta i Sverige. Til samanlikning har det i Noreg vore 501 og 359 registrerte smittetilfelle dei to siste dagane. Det bur rundt halvparten så mange i Noreg som i Sverige.

AKTUELT NÅ