Svenske lærarar strøymer til Noreg

Svenske lærarar og førskulelærarar vert frista av norske løns- og arbeidsvilkår, og sviktar svenske grenseskular.

Geografi-time

Grensa er inga hindring for svenske lærarar som ønskjer betre løn.

Foto: Scanpix

Å bli ekspedert eller servert på svensk er blitt ein del av kvardagen for mange nordmenn. No blir det også vanlegare at norske born blir undervist av svenske lærarar.

Det svenske lærarforbundet fryktar at fleire og fleire svenske lærarar kjem til å flytte over grensa til Noreg. Som eit resultat av dette er det i ferd med å bli alvorleg lærarmangel i mange svenske grensebyar.

Alvorleg situasjon

– Det er ein svært alvorleg situasjon for læraryrket, seier Eva-Lis Sirén, leiar i det svenske lærarforbundet.

Situasjonen er verst for dei svenske kommunane med kortast avstand til det sentrale norske austlandet. Her er for tida svært vanskeleg å skaffe kompetente lærarar.

Grensebyar som Arvika, Torsby og Årjäng kjem dårleg ut på statistikken. Anna Gustavson er lokal tillitsvalt for lærarane i Årjäng, og skjøner godt at Noreg er ein populær arbeidsstad.

– Noreg ligg 20 minuttars bilreise herfrå. Ein jobbar 37,5 time i veka, og tener 15 000 meir i månaden. Det finst ikkje mange gode grunnar til å bli verande her i Årjäng.

Dei fleste vil reise

Dei har gjort ei undersøking der 8 av 10 førskulelærarar i kommunen kan tenkje seg å arbeide i Noreg dersom dei får eit interessant tilbod. 6 av 10 grunnskulelærarar svarar det same.

Lærarane viser til det store lønsgapet mellom Sverige og Noreg som hovudårsaka. Men kommunalråd i Årjäng, Katarina Johannesson, seier den svenske grensekommunen ikkje har sjanse til å konkurrere med norske løner.

– Det er svært vanskeleg for oss å konkurrere med den norske arbeidsmarknaden. Det gjeld ikkje berre offentleg sektor, men også i det private, seier ho.

Eg trur lærarar generelt er meir nøgde i Noreg enn i Sverige. Eg opplever at det er mindre stressande å jobbe her.

Marit Dönnem Nilsson, svensk lærar i Noreg

Ein av dei som har latt seg freiste av dei norske lærarforholda er Marit Dönnem Nilsson som for eitt år sidan flytta til Oslo. Då ho jobba i Sverige i fjor fekk ho omkring 25 000 kroner i månadsløn, etter 22 år i læraryrket. I Noreg tener ho nesten 37 000, berre eit år etter at ho flytta.

– Det er ganske store skilnadar. Eg kjenner nok at eg tener ganske mykje på det her, seier ho til Dagens Industri.

Ho meiner det svenske systemet ikkje fungerar optimalt.

– Eg angrar ikkje på mine år i Sverige, og eg treivst bra med jobben. Men eg opplever at det er mindre stressande her i Noreg. Eg trur lærarar generelt er meir nøgde i Noreg enn i Sverige.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger