Listhaug og Solberg i ordkrig med svensk statsråd om nynazisme

Då statsminister Erna Solberg snakka om svenske nynazistar i norske gater, blei den svenske statsråden Anders Ygeman provosert. – Han må først rydde opp i eige land, seier statsråd Sylvi Listhaug (Frp).

– Regjerer ein med Framstegspartiet og har utnemnd Sylvi Listhaug til minister to gongar, skal ein kanskje sjå seg sjølv i spegelen før ein ser over landegrensa.

Anders Ygeman

Anders Ygeman, Sveriges energi- og digitaliseringsminister.

Foto: Claudio Bresciani/tt / NTB scanpix

Kraftsalva kjem frå Sveriges energi- og digitaliseringsminister, Anders Ygeman, som svar på statsminister Erna Solbergs (H) uttale på ein pressekonferanse i Arendal måndag:

– Vi treng eit samarbeid med Sverige også, for når nynazistar marsjerer i norske gater, både i Fredrikstad og Kristiansand, så er det veldig mykje svensk å høyre. Deira nynazistar forsøker å organisere i nabolanda også, sa statsministeren.

Uttalen kom etter eit spørsmål frå Sveriges Radio om moskéåtaket i Bærum. Ho tok til orde for at Noreg må gjere meir for å kjempe mot høgreekstremismen, men også samarbeide internasjonalt for å førebygge rekruttering og spreiing av «fake news» og rasisme.

Kommentaren om Sverige fekk Ygeman til å rykke ut på Twitter. Han vil gjerne ha eit norsk-svensk samarbeid, men ber Solberg sjå seg sjølv i spegelen først.

Laster Twitter-innhold

Det skapar reaksjonar i både Noreg og Sverige.

– Eg vil anbefale Ygeman å rydde opp i eige land før han tek Noreg i skule, skriv Frp-statsråd Sylvi Listhaug i ein e-post til NRK.

Statsråd Sylvi Listhaug

Frp-statsråd Sylvi Listhaug.

Foto: Paul Sigve Amundsen / NTB scanpix

– Vi tek ikkje imot nokon leksjon frå Sverige som har eit godt dokumentert større nynazistmiljø enn Noreg. Vi tek heller ikkje imot nokon leksjonar frå Ygeman eller andre svenske politikarar som gjennom tiår har stukke hovudet i sanden og ikkje turt diskutere innvandring og kva konsekvensar ei høg, ikkje- berekraftig innvandring har for samfunnet, held ho fram.

Ebba Busch Thor, leiar for Kristdemokraterna, kallar det «plumpt og pinleg».

Tobias Billström, gruppeleiar for Moderaterna i Riksdagen, kallar det ein «slap in the face» til Solberg som rakk ut ei hand for å samarbeide mot nazistar, skriv Aftonbladet.

– Folk kjem frå Sverige

Slik forklarar Solberg kvifor ho trakk fram Sverige på pressekonferansen måndag:

– Sverige har hatt dei største og mest organiserte gruppene i Norden knytt til dette. Vi har sett at av dei som har komme for å demonstrere, er det nokon lokale, og så kjem det folk frå Sverige. Det er for å forsøke å løfte opp og organisere seg i nabolanda. Då er det viktig å skape motstandsdugleik i Noreg, seier statsministeren, ifølgje Aftenposten, som først omtala saka.

Den nordiske motstandsrørsla har hovudsete i Sverige.

Ho får støtte av redaktør i Filter Nyheter, Harald S. Klungtveit, på Twitter:

Laster Twitter-innhold

– Vil skulde på Sverige

Ygeman utdjupar overfor Aftonbladet kva han reagerer på.

– Først og fremst verkar det som at ho vil skulde Sverige for høgreekstremismen, når ho sjølv har danna regjering med Framstegspartiet, som er eit høgrepopulistisk parti, seier Ygeman til avisa.

– Vi kjem ikkje utanom det faktum at to av åtaka vi har sett har blitt utført av nordmenn. Og Anders Behring Breivik var medlem i nettopp Framstegspartiet i fleire år, seier Ygeman.

NRK har vore i kontakt med Siv Jensens rådgjevar. Ho har førebels ikkje hatt tid til å kommentere saka, men viser til eit innlegg på Jensens Facebookside. Der skriv ho:

– Eg finn meg ikkje i at enkelte gir Frp deler av skulda for å «nøre opp under hat». Eg vil aldri unnskylde at Frp er det einaste partiet som gjennom mange tiår har stått opp for våre verdiar, skriv Frp-leiaren.

Det er trist å tenke på ondskapen som gror i enkelte miljøer. Vi skal ta vare på det gode i samfunnet vårt, vi skal...

Publisert av Siv Jensen Tirsdag 13. august 2019

I 2013 kalla Frp inn til ei internasjonal pressekonferanse på grunn av omtalen av Frp-medlemskapen til terroristen. Då understreka partiet at Breivik «trakk seg ut fordi han ikkje fekk nokon støtte for sine synspunkt i partiet»

Vidare peikar Ygeman på Listhaug, som måtte gå av som statsråd i fjor vår etter at ho i eit Facebook-innlegg skreiv at «Ap meiner rettane til terroristane er viktigare enn sikkerheita til nasjonen».

– Det som skjedde 22. juli er det verste som har skjedd i Noreg sidan 2. verdskrig. Massedrapsmannen melde seg ut av vårt parti mange år før ugjerninga fordi Frp var altfor moderate, seier Listhaug.

Listhaug fordømmer hat og rasisme

– I kva grad kan din ordbruk og retorikk ha bidrege til å støtte høgreekstremt tankegods i Noreg?

– Eg har alltid vore krystallklar i min fordømming av hat og uakseptable haldningar. Det kjem eg også til å fortsette med, seier Listhaug, men lovar ikkje å «vike ein tomme i innvandringspolitikken».

– Folk flest som ønsker ein strengare innvandringspolitikk er ikkje rasistar eller hatefulle. Det finst derimot hatefulle menneske og rasistar og det er desse vi må vi stå saman mot. Frp og eg fordømmer på det sterkaste at folk som utøver sin religion blir møtt med vald og våpen, held Listhaug fram.

Høgre: – Ein trist reaksjon

Erna Solberg har førebels ikkje hatt høve til å kommentere saka overfor NRK.

Finanspolitisk talsmann Henrik Asheim (H)

Henrik Asheim er finanspolitisk talsmann for Høgre på Stortinget.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Leiar for finanskomiteen på Stortinget, Henrik Asheim (H), meiner at Ygeman legg seg på eit «debattnivå som den norske venstresida ikkje har gjort etter 22. juli».

– Det er ein trist reaksjon frå ein svensk statsråd. Framveksten av nynazisme er alvorleg og noko vi ser i heile Europa. Landa våre burde samarbeide og kjempe mot det. Svaret til Ygeman bidreg berre til å leie ein bort frå ein viktig diskusjon, seier Asheim til Aftonbladet.

Anders Ygeman avviser kritikken og peiker på at 22. juli-terroristen var medlem i Frp i fleire år, noko han meiner truleg bidrog til at han blei radikalisert.

– Det tyder ikkje at Framstegspartiet har ansvar for 22. juli-åtaket, seier statsråden til avisa.

Han understrekar at han vil halde fram samarbeidet med Noreg, slik han skreiv i Twitter-posten.

Høgre: – Ei håplaus avsporing

Overfor NRK kallar Asheim Ygemans uttale for ei «håplaus avsporing».

– Her inviterer den norske statsministeren Sverige og den svenske regjeringa til eit samarbeid mellom våre to land for å kjempe mot rasisme og ikkje minst nynazismen og den kvit makt-rørsla, som vi kan sjå at veks. Og så har du ein svensk statsråd som svarar på ein måte som gjer at ein berre sporar av heile diskusjonen. Det er synd og usakleg, seier han.

Asheim understrekar at norske politikarar sidan 22. juli 2011 har vore samde om ikkje å trekke fram terroristens fortid i Frp.

– Ingen norske parti har forsøkt å slå politisk mynt på det, og det hadde også vore heilt urimeleg. Då synest eg det er ganske spesielt at ein svensk statsråd så raskt legg seg på nettopp det nivået som vi i Noreg har unngått. Og ære vere norske parti for det, seier han til NRK.

Asheim meiner at Solbergs uttale ikkje kan lesast som eit åtak på eller skuldingar mot Sverige for høgreekstremismen.

– Overhovudet ikkje. Det Solberg påpeikar er at vi har eit problem i både Noreg, Sverige og Europa generelt. Då er det viktig å samarbeide godt for å kartlegge miljø og kjempe mot at dei veks, seier Høgre-politikaren.

Han meiner norsk politikk har ein sunn innvandringsdebatt der ein kan diskutere problema, men samstundes ta klar avstand frå nynazisme og rasisme.

– Eg skulle ønskje den svenske statsråden kunne bidra til korleis vi kan løyse dette på tvers av landegrensene, seier Asheim.

Vil vaksinere mot «forvirrande» idear

Aftonbladet utfordrar Ygeman på kva han som tidlegare innanriksminister gjorde med Den nordiske motstandsrørsla i Sverige, som er forbode i Finland.

Den svenske statsråden viser til foreiningsfridomen nedfelt i grunnlova, men at fleire medlemar av motstandsrørsla er blitt domfelt.

– Vi treng å vaksinere menneske frå desse forvirrande ideane, og politi og rettsvesenet må kunne gjere noko. Eg trur ikkje at vi kjem til å tillate slikt i framtida, seier Ygeman.

Aftonbladet støttar Ygeman

Den svenske avisa Aftonbladet meiner at Ygeman har eit poeng, og hevdar at diskusjonen om 22. juli-terroristen sitt tankegods aldri kom skikkeleg i gang i Noreg.

– I dag blir Noreg styrt av ein høgreregjering med Framstegspartiet, der statsrådar snakkar om snikislamifisiering, at eit korstog er nødvendig og at arbeidsløyse er muslimsk kultur, skriv leiarskribent Daniel Swedin i avisa som kallar seg «uavhengig sosialdemokratisk».

– Korleis vil du bidra til at ein debatt om terroristens tankegods kjem i gang, Listhaug?

– Dette er ein debatt som vi har hatt ved fleire høve og eg har gang på gang vore tydeleg på at eg fordømmer ekstremisme, rasisme og alle totalitære ideologiar, enten dette kjem som nazisme, kommunisme eller islamisme, seier Frp-nestleiaren til NRK.

SISTE NYTT

Siste meldinger