Sjølv om EU-motstanden framleis er svært høg hjå nordmenn, har likevel nokre endra meining etter at EU fekk Nobels fredspris.
- LES:
IKKJE OVERRASKA: Heming Olaussen i NEI til EU meiner utdelinga var eit propagandanummer, men meiner tala stadfestar ei grunnleggjande nei-haldning i folket.
Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX72.4 prosent seier nei til norsk medlemskap, og berre 18.8 prosent seier ja.
Omstridt og effektlaust
Då Thorbjørn Jagland annonserte at EU fekk Nobels fredspris 12. oktober, skapte det reaksjonar.
Leiaren i Nei til EU sa då at utdelinga av fredsprisen til EU er ein draum leiar i Nobelkomiteen, Thorbjørn Jagland, har hatt i mange år.
– Dette er eit propagandanummer, og det må kome ein diskusjon om Nobelkomiteen etter dette, sa Olaussen til NRK etter utdelinga.
- LES:
Men den store effekten har latt vente på seg.
Nei-sida har gått tilbake 7.4 prosentpoeng sidan toppen på nær 80 prosent i januar.
Ja-sida har fått eit løft og gått fram på 6.3 prosentpoeng sidan den låge noteringa på 12.6 prosent i januar.
Det viser ei ny meiningsmåling Sentio har gjennomført for Nationen og Klassekampen.
Ikkje særleg tru på framgang
Sjølv med draghjelp frå Nobelprisen har ikkje ja-sida tru på særleg stor framgang.
IKKJE TRUA: Sjølv om tala viser ein beskjeden vekst, har leiar i Europabevegelsen Paal Frisvold liten tru på framgang i ja-rørsla.
Foto: Sigurdsøn, Bjørn / NTB scanpix– Du får meg verken til å gråte eller juble over desse tala. Vi forandrar ikkje opinionen overnatta, seier leiar i Europabevegelsen Pål Frisvold til Klassekampen.
Leiar Heming Olaussen i Nei til EU seier EU-motstanden er grunnfesta i det norske folk.
Han viser til at nei-standpunktet hadde over 60 prosent oppslutnad allereie før den økonomiske krisen i EU slo inn.
– Om det er 77 eller 72 prosent som seier nei til EU er av marginal interesse. Det er nivået på motstanden som er interessant, seier han til Nationen.
– Så lenge det ligg over 70 prosent og tilhengarane er på under 20, så skjønar alle at ja-sida har ei håplaus sak, held han fram.
Fleire er usikre
Målinga er tatt opp både før og etter EU fekk tildelt Nobels fredspris, og gruppa som svara «veit ikkje» ha styrka seg etter tildelinga.
Medan 7 prosent svarte veit ikkje i dagane før tildelinga, var det 11 prosent som sa det same etter Nobelprisen.
Det er framleis innanfor feilmarginen i undersøkinga, men kan tyde på at nokre har blitt meir usikre.