Hopp til innhold

SV: Ikkje aktuelt å gå til sør

Norske styrkar skal ikkje til Sør-Afghanistan. Det slår forsvarspolitisk talsmann i SV, Bjørn Jacobsen, fast.

SVs forsvarspolitiske talsmann Bjørn Jacobsen

SV sin forsvarspolitiske talsmann Bjørn Jacobsen.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Nederland og Canada ba i går om hjelp i sør blant anna frå Noreg. Det er både praktisk og politisk feil, seier Jacobsen:

- Politisk er det ikkje interessant for oss å gå til sør, for der veit me at det foregår ein åtakskrig regissert av USA og det såkalla OEF, Operation Enduring Freedom, som Noreg trakk seg ut av straks den rødgrøne regjeringa kom på plass, seier Jacobsen.

Bjørn Jacobsen seier altså at SV ikkje skifter meining om norsk militær innsats i Afghanistan. Den skal ikkje bli driven sør i landet. Norske styrkar har dessutan nok å gjera der dei er, seier han.

Nok å gjere

- Vi har nok å gjere der vi er, vi byggjer fyrst og fremst sikkerheit. me avvæpnar militære grupper og ser til at den afghanske hæren og politiet er oppe og går.

Forsvarskomiteen i Stortinget kom seint i går kveld heim frå ei reise til Afghanistan. Og i dag tidleg sa komitéleiar Jan Petersen frå Høgre at det er naturleg for Noreg å stille solidarisk opp for Canada og Nederland.

Men dette kan Jan Petersen berre gløyme, slik Bjørn Jacobsen uttalar seg.

Oppfyller krava frå NATO

- Her tek vi ikkje imot råd frå Høgre. Eg sa sjølv til den kanadiske statsministeren for nokre år sidan: Kor blei de av i Arktis? Me auser ut milliardar på militære åtgjerd, medan miljøet får lommerusk, seier Jacobsen.

Forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen meiner Noreg allereie gjer det NATO har bede om i Afghanistan. Noreg oppfyller NATOs anmodning med innsatsen i Nord-Afghanistan og hovudstaden Kabul.

AKTUELT NÅ