Hopp til innhold

SV krev gransking etter WikiLeaks-avsløring

SV forlanger full gransking på høgaste nivå etter påstandar om at amerikanske soldatar skal ha torturert ein norsk-irakar i Bagdad i 2004.

Video Bård Vegard Solhjell om nordmann i Irak

Nestleiar i SV, Bård Vegar Solhjell meiner norske styresmakter må ta kontakt med USA på øvste nivå for å få klarheit i om ein nordmann har vorte fengsla og torturert av amerikanske soldatar i Irak.

– Eg reagerer ekstremt sterkt på at ein nordmann vart fengsla og moglegvis torturert av amerikanske soldatar, seier Bård Vegar Solhjell, nestleiar i Sosialistisk Venstreparti (SV).

I 2004 blei ein norsk statsborgar arrestert og fengsla, utan dom, av amerikanske soldatar, mistenkt for å ha operert som leiemordar.

Informasjonen blei kjend laurdag, då nettstaden WikiLeaks offentleggjorde tusenvis av nye hemmelegstempla dokument frå krigen i Irak.

Vil stilla USA til veggs

I møte med NRK har norsk-irakaren som er omtalt i dokumenta fortalt om brutal behandling medan han var i amerikansk fangenskap.

No krev Solhjell og SV at regjeringa går amerikanske styresmakter grundig etter i saumane.

– Påstandane om tortur er svært alvorlege og må behandlast deretter. Me må ta kontakt med USA på øvste nivå. Det er på høg tid at amerikanarane legg alle fakta på bordet, seier nestleiaren til NRK.

(Saka held fram etter videoen)

Video 62d50394-7a1f-432f-b3b9-9bcd6d8f633f.jpg

Sjå innslaget sendt i Dagsrevyen 27.10.2010.

UD får kritikk

Etter først å ha nekta for kjennskap til saka, snudde departementet i går og innrømte at dei har dokument i arkiva sine som stadfestar informasjonen frå WikiLeaks-lekkasjen. Ifølgje UD bistod dåverande konsul I Bagdad med lauslatinga av nordmannen.

Dei siste dagane har UD likevel fått kritikk for at dei ikkje følgde opp mannen etter at han vart sett fri frå fengselet, og for at dei ikkje konfronterte USA umiddelbart.

– Eg kjenner ikkje historia godt nok til å kritisera detaljar rundt korleis saka vart handtert den gong. Men i den grad det har vore unnlatingssynder, må det iallefall ryddast opp i no, meiner Solhjell.

– Klassisk tortur

Skildringane av nesten-kveling med plastikkpose over hovudet og plassering i

John Peder Egenæs

John Peder Egenæs, generalsekretær i Amnesty Norge.

Foto: NRK

smertefulle posisjonar i små rom over mange timar, har ført til at også menneskerettsorganisasjonar fremjar krav om å stilla mishandlarane til ansvar.

– Dette er klassiske torturmetodar som har vorte brukt mykje av amerikanarane i Irak og på Guantanamo, fortel John Peder Egenæs som er generalsekretær i Amnesty.

Han er ikkje i tvil om kva konsekvensar slike brot på menneskerettane må få.

– Tortur er eit av dei grovaste lovbrota ein stat kan begå, og amerikanarane har kanskje gjort dette mot ein nordmann. Då må Noreg krevja ei oppklaring av denne saka, seier John Peder Egenæs som er generalsekretær i Amnesty.

– Kunne hatt traumer

I tillegg til å kontakta USA med fordringar om etterforsking og rettsforfølging, meiner Egenæs at UD også må granska interne rutiner rundt saker der nordmenn vert arrestere i utlandet.

– Mannen kunne hatt store traumer etter det han har vore gjennom. Han burde heilt klart vorte betre teken hand om i etterkant av hendinga. Ein kan ikkje berre hjelpa folk ut av fengsel for så å etterlata dei til seg sjølve, seier han.

Gjester: John Peder Egenæs i Amnesty og statssekretær i UD, Espen Barth Eide (Ap).

Det er no seks år sidan den angivelege torturen skal ha skjedd. Generalsekretæren understreker at saka må få høg prioritet, uansett om det er lenge sidan lovbrotet skjedde

– Tortur har ingen foreldingsfrist. Amerikanarane har papir om det meste, det har me sett via WikiLeaks-lekkasjane den siste tida.

Like krav til USA og Iran

Espen Barth Eide

Statssekretær i UD, Espen Barth Eide (Ap).

Foto: NRK

Statssekretær i UD, Espen Barth Eide (Ap) er samde med SV og Amnesty om at dei ansvarlege må straffast etter eit så alvorleg lovbrot

– Me må krevja det same av våre allierte som me gjer av land som Iran og Saudi-Arabia, slår Eide fast.

Statssekretæren påpeiker at tortur er enda meir alvorleg når den vert utført av allierte, fordi NATO-landa dermed vil framstå som hykleriske.

–Det blir vanskeleg å få andre land til å avstå frå denne type metodar dersom vestlege land sjølv tek dei i bruk.



AKTUELT NÅ