Hopp til innhold

SV vil hasteinnkalle Stortinget – krev straumtiltak allereie i sommar

SV-politikar Lars Haltbrekken meiner det hastar at regjeringa set inn tiltak for å hindre ei straumkrise.

Lars Haltbrekken

BEKYMRA: Lars Haltbrekken (SV) meiner at regjeringa no må stille strengare krav til kraftprodusentane. Han er uroleg for at det blir straumrasjonering.

Foto: Marit Sirum-Eikre / NRK

Uvanleg høge straumprisar og frykta for straumrasjonering skaper uro.

– Situasjonen er no svært alvorleg. Vi forventar at regjeringa gjer det den kan for å unngå at vi hamnar i ein situasjon med straumrasjonering til vinteren.

Det seier stortingsrepresentant for SV, Lars Haltbrekken. Han sit i energi- og miljøkomiteen på Stortinget.

Haltbrekken meiner det hastar at regjeringa tar grep, og at det må skje i løpet av juli månad. Viss ikkje, vil partiet ta initiativ til å forsøke å samle Stortinget i sommar.

– Ein uakseptabel situasjon

Mange av dei største kraftverka i landet ligg i Sør-Noreg. Det er svært lite vatn i vassmagasina her.

Vi meiner at regjeringa no må byrje å stille krav til kraftprodusentane om høgare fyllingsgrad av magasina, for å sikre at vi har nok vatn til vinteren, seier Haltbrekken.

Les også Frp om mulig strømrasjonering: – Skandale

Høyspentlinje og vindmøller i Høg-Jæren energipark.

I førre veke var fyllingsgraden nede i 45,5 prosent. NVE sa til NRK at det er i nærleiken av eit historisk minimum dei siste 20 åra. Snøsmelting frå fjella gir fulle magasin nord i landet.

Dette bidreg til uvanleg høge straumprisar i sommar.

Ifølge NVE sin vekerapport i førre veke, var gjennomsnittsprisen i Sørvest-Noreg 230 øre/kWh.

Viss vi blir nøydde til å rasjonere på straumen, vil det gå utover arbeidsplassar, industri og folk sine kvardagsliv. Ein slik situasjon er ikkje akseptabel, meiner Haltbrekken.

SV føreslår fire tiltak:

  • Krav om høgare magasinfylling i vasskraftmagasina
  • Dei ynskjer at regjeringa set seg ned med myndigheitene i Storbritannia og Tyskland og reforhandlar straumavtalane. Dei vil ha ei ordning der Noreg kan eksportere mindre i periodar der vi treng meir vasskraft her heime.
  • Betre straumstøtteordningar
  • Energieffektiviseringstiltak

Energiminister: – Lite sannsynleg

Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) kallar situasjonen krevjande, men understrekar at det ikkje er aktuelt med straumrasjonering enno.

– Regjeringa er klar til å sette i verk ytterlegare tiltak dersom situasjonen skulle endre seg. Det er viktig for meg å understreke at NVE, som sit med den beste kunnskapen på dette, meiner at sannsynet for rasjonering er svært liten.

Aasland er tydeleg på at dersom det blir aktuelt med straumrasjonering vil det først vere våren 2023, slik situasjonen ligg an no.

– Eg håpar at vi skal unngå straumrasjonering. Vi kjem til å sette i verk tiltak umiddelbart, dersom vi trur der blir aktuelt.

Han seier at han har vore i dialog med energiministeren i Storbritannia, og varsla at Noreg også er veldig avhengige av reguleringar i eksportavtalane.

Terje Aasland

Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) seier at sannsynet for straumrasjonering er liten.

Foto: Bo Lilledal Andersen / NRK

I neste veke kjem han til å sende ut brev til kraftprodusentar.

– Det hastar å få veldig tydelege svar på at kraftprodusentane held igjen vatn, og sørge for at vatnet ligg i vassmagasina. Det kjem eg til å vere veldig tydeleg på.

På utspelet til Haltbrekken om å samle Stortinget i sommar svarar han følgjande:

– Eg er klar til å komme til Stortinget, dersom Stortinget ber om det.

Frp: – Avleiingsmanøver og teikn på dårleg samvit

Partileiar i Framstegspartiet, Sylvi Listhaug, vil støtte forslaget til SV, men synest det er rart at forslaget kjem først no.

– At SV no kjem med dette forslaget, er ein avleiingsmanøver. Dei er regjeringa sitt støttehjul. At dei no kjem på banen, ser eg på eit teikn som at dei har dårleg samvit.

Ho påpeikar at Frp fremja forslag om å stille krav til vassmagasina i november 2021, men vart nedstemt. Dei ynskte også at ein skulle gå gjennom alle avtalar om utanlandskablar for eksport av straum.

– Vi vil støtte forslaget. Det handlar om at vi no må gjere det vi kan, for at ikkje energinasjonen Noreg kjem i ein situasjon der vi må rasjonere på straumen.

Sylvi Listhaug på Landsmøtet til Fremskrittspartiet 2022

Frp-leiar Sylvi Listhaug vil støtte forslaget til SV, men meiner det kjem altfor seint.

Foto: Javad Parsa / NTB

– Ikkje vanleg å samle Stortinget om sommaren

Å samle Stortinget vil vere nødvendig dersom nokre av tiltaka krev lovendring.

Første visepresident på Stortinget, Svein Harberg (H) håpar regjeringa tar grep før saka hamnar hos Stortinget.

– Vi vil ta det på alvor, men mykje kan endre seg ved at regjeringa tar grep i løpet av sommaren. Det håpar vi jo.

Stortingsåret startar 1. oktober og avsluttar 30. september. Men i sommarmånadane er det ingen planlagde møter.

Om det dukkar opp saker i løpet av sommarmånadane må presidentskapen ta stilling til om det er behov for å samle Stortinget.

– Det skjer relativt sjeldan. Sist eg hugsar, var i samband med terrorangrepet 22. juli 2011, seier han.

AKTUELT NÅ