Hopp til innhold

SV varslar mistillitsforslag mot fiskeriministeren

SV seier dei ikkje lengre har tillit til fiskeriminister Geir Inge Sivertsen og varslar at dei vil fremme mistillitsforslag i Stortinget. Både Ap og Frp legg press på statsministeren.

Audun Lysbakken

Audun Lysbakken, leiar i SV, meiner Erna Solberg må rydde opp.

Foto: Terje Pedersen

Bakgrunnen for forslaget er at fiskeriministeren søkte om og fekk innvilga 120.000 kroner i etterløn som ordførar etter at han blei statssekretær i november i fjor.

I tillegg har han fått krass kritikk for å ha motteke dobbel løn i to månader i fjor, då han både jobba som statssekretær og som ordførar.

– Denne saka er alvorleg, og for oss handlar den først og fremst om at dei på toppen skal bli behandla likt som alle andre, seier Audun Lysbakken, leiar i SV.

– Folk som har teke imot pengar dei ikkje har krav på frå Nav blir straffa hardt, og då kan ikkje ein statsråd i same situasjon sleppe unna utan reaksjon, meiner han.

Geir-Inge Sivertsen foran rådhuset i Lenvik.

Fiskeriminister Geir Inge Sivertsen seier han har rydda opp og betalt tilbake pengane han tok imot i etterløn.

Foto: Jan-Morten Bjørnbakk/NTB

Frp: – Statsministeren eller Sivertsen kan løyse dette

Hans Andreas Limi i Frp seier at summen av sakene om fiskeriministeren no er nok til at statsministeren bør vurdera om Geir Inge Sivertsen «har den vurderingsevne og dømmekraft som krevjast av ein statsråd».

– Statsministeren må rydde opp i forholda rundt fiskeriministeren, seier Limi til NRK.

– Kan de støtte eit mistillitsforslag saman med opposisjonen?

– Det er framleis mogleg for statsministeren å rydde opp i dette, svarer Limi.

Han legg til at Frp ikkje har vurdert om dei vil støtte eit mistillitsforslag enno.

– Det må vi ta ei runde på i vår stortingsgruppe.

– Kan opprydding vere å rydde bort Sivertsen sjølv?

– Det kan vere ein mogleg utveg, ja, svarer Limi.

– Det er framleis slik at både statsministeren og Sivertsen har ein moglegheit til å løyse dette før eit mistillitsforslag kjem på bana i Stortinget, legg Limi til.

Trontaledebatten 2019

Hans Andreas Limi i Frp seier statsministeren bør vurdera fiskeriministeren si dømmekraft.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Støre: – Vi har ikkje tillit til han

Raudt-leiar Bjørnar Moxnes seier til NRK at dei «sjølvsagt» støttar mistillitsforslaget.

Finansdebatten i Stortinget

Bjørnar Moxness, leiar i Raudt, forventar at Frp sikrar fleirtal for mistillitsforslag mot Sivertsen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

– Nå forventar eg at Frp blir med på å sikre fleirtal. Dette blir ein test på om det er noko ryggrad igjen i partiet, eller om dei skal fortsette å vere ein puddel for Erna Solberg, seier Moxnes.

Arbeidarpartiet har vore svært kritiske til Sivertsen si handtering av etterløna og dobbel løn, men enno ikkje avgjort om dei vil fremme mistillitsforslag.

– Vi sa tidlegare i veka at vi ikkje har tillit til fiskeriministeren etter det som er avklart dei siste vekene, seier Ap-leder Jonas Gahr Støre.

Han meiner statsminister Erna Solberg

– Dersom du hadde vore statsminister og Sivertsen hadde vore ein av dine ministra, så hadde han fått sparken?

– Ja, det trur eg er riktig å si.

Problematiske saker

Statsminister Erna Solberg (H) har ei rekke gongar fått spørsmål om ho har tillit til Sivertsen. Seinast tysdag denne veka svara ho VG at ho har tillit til han.

– Eg meiner han er ein god fiskeriminister, og eg har tillit til han, sa Solberg til VG.

I går blei det også kjend at Sivertsen signerte rekneskapen til eit selskap han var styreleiar for i januar, trass i at han sa han hadde sagt frå seg alle styreverv to månader tidlegare.

Fiskeribladet kunne også fortelje at Sivertsen var medlem av Frimurarlosjen, utan at han hadde opplyst om dette då statsminister Erna Solberg tilsette han.

Sivertsen har no meldt seg ut.

Erna Solberg i Longyearbyen

Solberg sa tysdag at ho har tillit til Sivertsen

Foto: Rune N. Andreassen / NRK

AKTUELT NÅ