NRK Meny
Normal

SV tvilar på kompetansen til politiet i familievaldssaker

– Altfor mange kvinner har teke kontakt med politiet, men det verkar ikkje som dei blir tekne på alvor. Slik kan det ikkje halde fram. Eg vil ta dette opp med justisministeren, seier stortingsrepresentant Karin Andersen (SV).

Kripos i Kirkenes

Ei thailandsk kvinne og sonen hennar vart drepne i Kirkenes natt til måndag.

Foto: Kai Erik Bull / NRK

Andersen var i Kirkenes i dag på politiske møte, og ho fortel at møta var prega av at fleire lokale ikkje kunne vere med fordi dei er med på å handtere krisesituasjonen i byen. Ei 37 år gammal thailandsk kvinne og sonen hennar vart drepne natt til måndag. Ektemannen er sikta for drapa.

Karin Andersen

Karin Andersen (SV) stiller spørsmål om kompetansen til politiet i familievaldssaker.

Foto: Stig Weston / SV

Kvinna var i kontakt med politiet fredagen før drapet , og ho fortalde at ho kom til å flytte inn på eit krisesenter. Ho fekk spørsmål frå politiet om mannen var valdeleg, men dette svarte ho nei på. Til krisesenteret hadde ho sagt at ho vart utsett for psykisk vald.

Statssekretær Ove Vanebo (Frp) i Justisdepartementet seier han deler uroa til Karin Andersen.

– Vanskeleg og sårbart

– Det er alltid vanskeleg og sårbart når slike ting skjer. Forskinga viser at fleire har teke kontakt med politiet, men at dei ikkje fangar det opp. Det er mange varsellampar som har blinka, men alarmen har ikkje gått. Vi må få fram korleis politiet skal møte slike saker, seier Karin Andersen til NRK.

Fordi det er mange slike saker, kjem Andersen til å ta opp saka med justisminister Anders Anundsen (Frp) i eit skriftleg spørsmål.

 Pimsiri Songngam og hennes sønn Petchngam

Pimsiri Songngam og sonen Petchngam vart drepne i Kirkenes natt til måndag.

Foto: Privat

– Kvinna kjem frå eit krisesenter, fortel at ho vil forlate mannen og at ho skal bu på krisesenteret. Så får hos spørsmål om ho er utsett for vald, og svarar nei. Så blir det tilsynelatande ikkje fylgt opp. I slike saker bør politiet undersøke nærare, sjølv om kvinna ikkje melder saka, seier ho.

Dette vet vi om drapet på Pimsiri og Petchngam

Samler inn penger til begravelse i Thailand

– Forstår ikkje kvifor den vesle guten måtte dø

Vil følgje opp

Karin Andersen fortel at stortingsgruppa til SV vil følgje opp saka. Partiet skal ha kunnskap om og prioritere slike saker.

– Eg er sterkt i tvil om at politiet har den kompetansen som trengst for å snakke med kvinner i slike situasjonar, for å få fram heile sanninga. Justisministeren må svare på kva han vil gjere for at desse kvinnene skal få vern, slik at dette ikkje skjer igjen, seier SV-representanten.

Forskar Ingunn Rangul Askeland

Sju av ti som blir drepne av partnaren sin har fortalt til andre om valdsbruken, seier forskar Ingunn Rangul Askeland.

Foto: NRK

Forskar Ingunn Rangul Askeland ved Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress, opplyser til NRK at Sju av ti som blir drepne av partnaren sin, har tidlegare fortalt om valdsbruk til familie, vener eller andre. I halvparten av sakene har det vore gjentakande vald, fortel ho.

Ho viser til ein studie som er gjort ved Oslo universitetssjukehus, der forskar Solveig Karin Bø Vatnar var prosjektleiar.

– Treng hjelp og oppfølging

– Der ein veit det er valdsbruk må ein setje i verk tiltak på to felt. Kvinner og born som er utsette må få hjelp og vern, dei må følgjast opp over tid. Men også personen som brukar vald må få hjelp. Det er nokre risikosituasjonar som leier opp til drap. Tidlegare vald er ein slik faktor, og når det blir kombinert med ei livskrise, det kan vere samlivsbrot eller tap av arbeid, då treng dei hjelp og oppfølging, seier Askeland.

Ho fortel at alle politidistrikta her i landet skal ha ein familievaldskoordinator, og at det skal vere klare rutinar på risikovurdering. Dette er noko som har kome dei siste åra, og som skal vere oppe i heile landet.

– Deler uroa

Statssekretær Ove Vanebo (Frp).

Statssekretær Ove Vanebo i Justisdepartementet forsikrar om at politiet tek denne typen saker på det største alvor.

Foto: NRK

Statssekretær Ove Vanebo (Frp) i Justisdepartementet seier at han deler den uroa Karin Andersen har for at politiet ikkje greier å fange opp familievaldssaker før dei endar i drap.

– Vi fekk ein rapport i 2012 som sa mykje av det same. Derfor har vi teke ein del grep, som å sørgje for at alle politidistrikta no har ein familievaldskoordinator. Vi har også gitt politiet eit nytt analyseverktøy, SARA, som skal hjelpe til med å kartleggje faren for familievald, seier han til NRK.

Han forsikrar om at regjeringa tek dette problemet på største alvor, og at slike saker er ei prioritert oppgåve.

– Mykje kan enno bli betre, men vi har også gjort mykje dei siste åra. Vi er godt i gang med å auke kompetansen i politiet slik at alle politidistrikta skal få eit kvalitativt løft, avsluttar Vanebo.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger