NRK Meny
Normal

SV mot kampsoldatar til Finnmark

SV og Bård Vegar Solhjell meiner kampsoldatar i Finnmark lede mot ein ny kald krig: – Tøff politisk kritikk og sanksjonar vil ha meir effekt på Russland enn styrkeoppbygging, seier SV-nestleiaren.

Bård Vegard Solhjell

FRYKTAR KALD KRIG: Bård Vegar Solhjell og SV meiner at kritikk, sanksjonar og moglegheit for dialog er vegen å gå for å stoppe Putin og hans militære opprusting og aggresjon i Ukraina.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Den norske hærsjefen tek til orde for å plassere kampstyrkar i Finnmark igjen, dersom Russland blir ein trussel og tryggingsbildet forandrar seg.

SV har fleire gonger markert seg som eit fredsparti, og norske kamp-avdelinger med tunge våpen nær Russland si grense fell i dårleg jord hos Bård Vegard Solhjell:

– Eit sterkt forsvar er viktig. Men, eg trur me vinn lite militært, men risikerer å provosere og få eit sterkare svar tilbake frå Russland, seier SV-nestleiaren.

Sjå intervjuet med Bård Vegar Solhjell her, saka fortset under videoen

Bård Vegard Solhjell er skeptisk til økt militært nærvær i Finnmark

Fryktar ny kald krig

Bård Vegar Solhjell sit i Utanrikskomiteen på Stortinget og har markert seg med at han har gått ut hardt mot russisk aggresjon i Ukraina. Samtidig vil både han og SV at Noreg skal ut av NATO og at FN skal bli meir demokratisk og få ei større tryggingspolitisk rolle.

Når ein ser korleis Russland oppfører seg i Ukraina, er det noko som tyder på at politisk kritikk vil virke åleine?

– Det er veldig lite som tyder på at me bør gå i retning av ein ny kald krig og ei ny opprusting i Europa. Tvert i mot så må ein halde hovudet kaldt, samtidig som ein kjem med tøff politisk kritikk kombinert med sanksjonar, seier Solhjell.

Meiner sanksjonane verkar

– Det blir hevda at å vise styrke vil kunne virke avskrekkande mot Russland i Finnmark?

– Eg trur det er meir effektivt å bruke sanksjonar, ein ser at sanksjonane også har verka. Ein må stille klare krav til Russland og samtidig halde ein open dialog. Ein må unngå ein ny spiral med opprusting, seier Solhjell.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger