Hopp til innhold

– Dette er eit håplaust innspel

Ingen av SV sine fylkesleiarar vil stille seg bak forslaget til St. Hanshaugen SV i Oslo om å legalisere hasj. Dei fleste vil ikkje ein gong ta debatten.

Hasj (illustrasjonsfoto)

Ein joint i parken kan ein i framtida skaff seg på lovleg vis, dersom lokallaget til SV får vilja si. Men forslaget får liten støtte ellers i partiet.

Kim André Åsheim

Kim André Åsheim i SV meiner tilhengjarane av dagens narkotikapoltikk har ein vanskeleg jobb med å argumentere mot legalisering.

Foto: SV

I gårsdagens Aftenposten vart det kjent at St. Hanshaugen SV i Oslo går inn for å legalisere og regulere salet av hasj. Det markerte ein historisk dag i norsk politikk; aldri før har eit stortingsparti vedteke legalisering av narkotika.

– Me har ikkje hatt kontroll over narkotikaomsetnaden, og har aldri hatt det så lenge «krigen mot narkotika» har halde på. Det skapar ein stor svart økonomi, gjengkriminalitet og utryggheit både her i byen og andre stadar, seier leiar Kim Andé Åsheim til avisa.

Ingen støtte i partiet

Men dei som ser for seg utspelet som starten på SV som legaliseringsparti må truleg vente svært lenge. Blant fylkesleiarane NRK.no har prata med er det bortimot null støtte for forslaget. Likevel er det ingen av fylkeslaga som har diskutert dette med sine medlemmer.

– Dette er eit håplaust innspel som har null støtte frå meg. Det er eit veldig farleg signal å sende ut, seier leiaren i Telemark SV, Rolf Jørn Karlsen

– Dette synest eg er å vere heilt på bærtur. Eg synest ikkje noko om det, seier SV Rogaland sin leiar, Rolf Bersås.

– Eg er ikkje for å legalisere hasj. Der er eg heilt bombastisk. Det er ein fallitterklæring den dagen ein legaliserer det, seier leiaren i Østfold SV, Roy Eilertsen.

– Dette er eg i mot. Eg vil avvise å ta denne debatten, seier Kjersti Markusson i Nordland SV.

– Politikarane tør ikkje ta debatten

Thorvald Stoltenberg

Thorvald Stoltenberg meiner fokuset på narkotikaproblema i samfunnet er altfor dårleg.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Thorvald Stoltenberg har jobba med eit FN-utval som konkluderte med at kriminalisering av narkotika er lite føremålstenleg. Han seier til NRK.no at det plagar han at så få politikarar i dag er interessert i å ta legaliseringsdebatten.

– Det som verkeleg plagar meg er at det kvart år dør 200 menneske i trafikken, og heile det norske folk er opptekne av å redusere talet ved å betre vegane. Men når det gjeld rus så er det ikkje tilsvarande interesse. Det dør enno fleire i rus, særleg ungdom.

Stoltenberg roser St. Hanshaugen SV for å tørre å ta debatten.

– Så lenge me har denne situasjonen så må me få folkeopinionen med på ruspolitikken. Dersom St. Hanshaugen SV sitt forslag kan bidra med dette, så synest eg det er bra. Me må ha ein langt større del av befolkninga aktivt med for å få til noko.

Lahlum opnar for debatt

Hans Olav Lahlum

Hans Olav Lahlum er ein av få fylkesleiarar i SV som er positive til å ta debatten.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Sjølv om dei fleste avviser forslaget kontant, er det nokon som opnar for å ta debatten i sitt fylkeslag. Ein av dei er Hans Olav Lahlum, leiaren i Oppland SV.

– Eg meiner at debatten som ligg under er ein veldig interessant debatt. Det kan godt vere at me kjem til debatten i forlenging av utspelet. Men om legalisering er riktig verkemiddel er det sterkt delte meiningar om.

Leiar i Oslo SV går også langt i å ønske debatten velkomen. Han bur sjølv nedst på Grünerløkka, og ser narkotikaomsetnad kvar dag, året rundt.

– Inntrykket mitt er at politiet har gitt opp dette. Dersom byrådet ikkje prioriterer problemet bør me tenkje på å få dette inn i andre former. Me kan ikkje late som at den norske narkotikapolitikken fungerer.

– Debatten vil kome uansett

Leiaren i St. Hanshaugen SV, Kim André Åsheim, seier til NRK.no at han tek den negative responsen med ro, men at han tykkjer det er synd at nokon ikkje ein gong ønskjer å ta debatten.

– Eg synest det er leit at dei ikkje går inn i argumentasjonen, for debatten vil kome uansett. Eg trur at tilhengjarane av dagens linje må venje seg til at dei må argumentere sakleg for standpunkta sine. Det fungerer ikkje å berre seie at det er farleg. Det blir ein håplaus argumentasjon.

– Du er ikkje rett og slett i feil parti?

– Nei, eg meiner at samfunnet tek skade av forbodslinja. Difor meiner eg dette er god SV-politikk. Det må vere greitt å gjere sine eigne vurderingar. Men debatten kjem uansett, og viss andre i SV ikkje vil vere med på den er det heilt greitt.

– Men stadig fleire innser at dagens forbodssystem ikkje fungerer. Det er ikkje mange år sidan det var heilt uakseptabelt å kome med eit slikt utspel.

Blir behandla på årsmøtet

Åsheim fortel at han har fått mykje støtte Oslo SV etter at han gjekk ut i Aftenposten i går.

– Me har informert dei andre laga, og har fått mykje positiv tilbakemelding på å ha starta debatten.

Forslaget til St. Hanshaugen SV vil bli teke opp på årsmøtet til Oslo SV i slutten av mars. Åsheim håpar sjølvsagt at forslaget vil bli vedteke på fylkesnivå, men han trur det framleis er for tidleg.

– Det ville overraska meg, seier han.

AKTUELT NÅ