Hopp til innhold

Styresmaktene vil gje seg sjølv større makt ved naturkatastrofar, kriser og krig

Helsedirektoratet foreslår i eit utkast til ny lov at styresmaktene blant anna skal kunne beordre helsepersonell og instruere media ved kriser.

beredskapsøvelse hemtunnelen

Samvirkeøving i Hemtunnelen med alle naudetatane for å teste naudnettet.

Foto: Vestfold Interkommunale Brannvesen

– Desse fullmaktene skal berre bli brukt dersom vi er i ein heilt kritisk situasjon, seier Marte Gerhardsen, divisjonsdirektør i Helsedirektoratet.

Det er i det dei kallar eit tidleg utkast til ei ny helseberedskapslov Helsedirektoratet vil gje styresmaktene langt meir makt enn i dag ved naturkatastrofar, store ulukker eller terrorangrep.

Bratteli-seminaret

Divisjonsdirektør i Helsedirektoratet, Marte Gerhardsen, vil gje meir makt til styresmaktene i krisesituasjonar.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

– I ein krisesituasjon der vi må handle raskt, er det er viktig at vi har avtaleverk og at ting er på plass, slik at alle veit kva dei skal gjere, seier Gerhardsen.

Utkastet til ny lov har direktoratet laga på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet, skriv Journalen. Der føreslår dei at helseføretak og kommunar blir pålagde å sikre tilgang på viktige medisinar og utstyr i tre månader, mot to i dag.

Direktoratet vil at utstyr og lokale skal kunne rekvirerast meir enn i dag. I tillegg vil dei beordre helsepersonell på jobb til dei er 75 år gamle, mot 65 år slik lova gjer høve til i dag.

– Det vi snakkar om her er situasjonar der liv og helse er i fare, der vi er i ei krise. Då er det viktig at vi som styresmakter har dei verktøya vi treng for å kunne redde liv, seier Gerhardsen.

Ho seier at dei er åpne for innspel til dei leverer forslaget 1.juni.

Kommunane har god beredskap

Den norske legeforening synest det er bra at beredskapslova blir revidert. Men dei meiner helseberedskapen i norske kommunar er god. Dei meiner gode planar og øvingar jamleg er betre enn pålegg og beordring.

Marit Hermansen

Kommunane har allereie god beredskap, meiner president i Den norske legeforening, Marit Hermansen.

Foto: Den norske legeforening

– Vi såg for eksempel under 22. juli at dette fungerte godt der ein har øvd og har ein god beredskap frå før, seier Marit Hermansen, president i Den norske legeforening.

Styresmaktene bør vere like opptatt av å skaffe fastlegar til kommunar som manglar det, meiner legeforeininga.

– Ein kan ikkje bruke personell som ein ikkje har, seier Hermansen.

– Dårleg ide

Helsedirektoratet vil også kunne gripe inn overfor media. I krisesituasjonar er det ikkje berre NRK som skal kunne påleggast å bringe informasjon frå styresmaktene.

Norsk Presseforbund presenterer gjennomgang av medieÂret 2018

Kritisk journalistikk, også mot styresmaktene, er avgjerande i ein krisesituasjon, meiner Elin Floberghagen, generalsekretær i Norsk Presseforbund.

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

– Vi må nå folk på nye måtar og det må vi også ha heimel for i helseberedskapslova, seier Gerhardsen. Det reagerer Norsk Presseforbund sterkt på.

Generalsekretær i Norsk Presseforbund, Elin Floberghagen meiner ideen er dårleg,

– I ein krisesituasjon så er det heilt avgjerande med god, kritisk journalistikk på det som skjer. Også opp mot det styresmaktene gjer, seier Floberghagen.

Ho peiker på at pressa allereie har eit informasjonsansvar når det skjer viktige ting.

– Det handterer media godt, utan at staten skal bestemme kva som skal publiserast, kor synleg det skal vere og kor lenge det skal publiserast, seier Floberghagen.

Til dette seier Marte Gerhardsen at media sjøvsagt framleis skal drive kritisk journalistikk også under hendingar der fullmaktene i helseberedskapslova trer i kraft.

– Det vi vurderer er kva verkemiddel ein i svært alvorlige sitasjonar og etter grudige vurderingar treng for å nå befolkninga med viktige meldingar som kan redde liv og helse, seier ho.

AKTUELT NÅ