Samstundes som bompengesatsane auka hausten 2017, så leigde direktøren for Fjellinjen, Anne-Karin Sogn, sin tidlegare kollega Karen Johanne Strømstad. Ho var i perioden 2000 til 2007 kommunikasjonssjef for Sogn i Telenor-systemet.
, slik regelverket krev
– Vi skal følgje regelverket
Anne-Karin Sogn er administrerande direktør i bompengeselskapet Fjellinjen.
Foto: HENRIK MYHR NIELSEN / NRK– Det er uheldig at dette vart gjort utanom regelverket som gjeld for selskapet, og derfor har vi avslutta denne kontrakten. Fjellinjen er eit selskap som skal følgje regelverket, og eg beklagar på vegner av selskapet at det har skjedd, seier Cato Hellesjø til NRK.
Han seier likevel at han ikkje ser på det som har skjedd som kameraderi. Han sier at Sogn og Strømstad ikkje har hatt eit nært venskapsforhold, og at Anne-Karin Sogn har gjort det ho trudde var til det beste for selskapet.
Han legg til at Anne-Karin Sogn har gjort ein svært god jobb for Fjellinjen.
Saka opp i styret
Hellesjø vedgår at det var først etter at NRK starta arbeidet med denne saka at han vart klar over at brotet på regelverket. Han seier at styret har planar om å diskutere denne saka på det neste møtet sitt.
Styreleiaren forsvarar bruken av konsulentar i Fjellinjen.
– Vi har hyra inn konsulentar i spesialstillingar for ein avgrensa periode. Hovudregelen er at vi skal ha fast tilsette, men konsulentbruken er vurdert som til det beste for selskapet, seier Cato Hellesjø.
Han seier at selskapet har god kontroll på kostnadene.
1,9 millionar
NRK har gått gjennom tala for konsulentbruken i Fjellinjen dei siste åra. Gjennom hausten 2017 og våren 2018 jobba Karen Johanne Strømstad så å seie på fulltid for selskapet. På det meste fakturerer ho 280.000 kroner i månadene.
På vel eit år har ho fakturert Fjellinjen for til saman 1,9 millionar kroner.
Fjellinjen er eigd av Oslo kommune og Akershus fylkeskommune, og er dermed pålagde å følgje regelverket for offentlege innkjøp.