Hopp til innhold

Studie: Babyolje og fuktkrem førebyggjer ikkje eksem

Sidan 2016 har tusenvis av skandinaviske foreldre gitt dei nyfødde borna sine daglege oljebad i håp om at det skulle hindre at dei utvikla eksem. No konkluderer forskarane med at tiltaket ikkje har effekt.

Oskar Setlo Huus-Hansen til eksemundersøkelse

PRØVEKANIN: Oskar Setlo Huus-Hansen (3) har deltatt i forskingsprosjektet om atopisk eksem og matallergi.

Foto: Birgitte Vågnes Bakken / NRK

Sidan 2016 har kvinner med fødeplass ved Oslo universitetssjukehus, Sjukehuset Østfold og Karolinska Universitetssjukhus vorte rekruttert til PreventADALL-studien.

Forskarane ville undersøke om enkle tiltak i det første leveåret til barnet kunne redusere utviklinga av allergiske sjukdommar. Studien er no presentert i tidsskriftet The Lancet.

2400 foreldre deltok i studien. Deltakarane vart delt inn i fire grupper.

  1. Barna fekk oljebad minst fire dagar i veka og fuktkrem i ansiktet.
  2. Barna vart tidleg introduserte for egg, mjølk, kveitemjøl og peanøtter.
  3. Desse barna vart introduserte for begge tiltaka
  4. Denne gruppa gjorde ingen av tiltaka.

Sofie Horsle Setlo var blant dei som takka ja til å medverke til studien. I tillegg til å vere ein del av hudgruppa, deltok Setlo òg i ein studie av tidleg introduksjon av matvarer til spedbarn.

Sonen Oskar (3) fekk dermed jamlege oljebad i det første leveåret sitt.

– Når du er førstegongsmor og så vidt klarer å halde barnet fast oppe i badekaret, så er det klart det blir litt utfordrande. Men det har gått seg til, fortel Setlo når NRK møter henne og sonen på kontroll.

Setlo var likevel ikkje i tvil om at ho ønskte å delta.

– Eg er for tidleg født og har hatt ein del plagar i samband med dette. Så eg tenker at all forsking er god forsking, og kan hjelpe andre, seier ho.

Ingen reduksjon

Karin Lødrup Carlsen, Oslo universitetssykehus

INGEN EFFEKT: Karin Lødrup Carlsen seier forsøka har vist at tiltaka ikkje har hatt førebyggande effekt mot atopisk eksem.

Foto: Birgitte Vågnes Bakken / NRK

Men no har forskarane konkludert med at daglege oljebad i det første leveåret til barnet ikkje har nokon førebyggande effekt.

– Til vår overrasking fann vi ingen reduksjon i atopisk eksem hos barna som hadde brukt fuktkrem eller oljebad, ei heller dei som hadde tidleg introduksjon av matvarer. Ingen av dei gruppene hadde mindre eksem enn gruppa som ikkje hadde brukt nokre av tiltaka, seier forskingsleiar Karin Lødrup Carlsen ved Oslo universitetssjukehus til NRK.

Parallelt med den skandinaviske studien, har britiske forskarar gjennomført eit forsøk med dagleg påføring av fuktkrem på barn som hadde høg risiko for å utvikle sjukdommen.

– Dei fann akkurat det same som oss. At dette ikkje hadde nokon effekt.

Resultata frå forsøka med tidleg introduksjon av matvarer blir først klare til hausten.

Viktig som behandling

Setlo er ikkje skuffa over at forsøka ho gjennomførte på sonen ikkje har hatt effekt.

– Eg tenker at det er fint for alle som slepp å gjere det same. Det har vore ein del styr, det har det. Det var ein del desiliter olje, så det vart ganske grisete på barn og badekar, fortel ho.

Karin Lødrup Carlsen seier forsøket ikkje har hatt nokon skadeleg effektar på barna, men har forståing for at det kunne opplevast tungvint.

– Foreldre i dag blir bombarderte med råd om alt dei bør og ikkje bør gjere. Difor er det viktig for oss å komme ut med denne konklusjonen. Foreldre bør ikkje ha dårleg samvit for å ikkje ha gjort dette tiltaket, seier Carlsen.

Sjølv om oljebad og fuktkrem ikkje har vist seg å ha ein førebyggande effekt, er det likevel viktig for behandling av atopisk eksem.

– Det er godt dokumentert at det er ein hjørnestein av behandlinga av atopisk eksem, men det ser altså ikkje ut til å førebygge at barn skal utvikle sjukdommen, seier Carlsen og fortel at sjukdommen ser ut til å auke på verdsbasis.

– Dette er ein veldig vanleg sjukdom, særleg hos barn, men det ser òg ut til at det no held seg inn i vaksen alder. Litt avhengig av kva befolkning ein undersøker det i, så er det eitt eller annan stad mellom 15 og 20 prosent som vil utvikle atopisk eksem.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger