– Med dagens utviklingstrend vil avsmeltinga av Grønland åleine bidra til at 100 millionar menneske årleg vil oppleve flaumar mot slutten av dette hundreåret, eller totalt 400 millionar som følgje av alle bidraga til dei forventa havnivåaukane, seier professor Andrew Shepherd ved Universitetet i Leeds.
På 1990-talet utgjorde issmeltinga 33 milliardar tonn is årleg. I dette tiåret er issmeltinga på 254 milliardar tonn årleg, ifølgje studien til polarforskarane som er publisert i tidsskriftet Nature.
Grønland har mista nok is sidan 1992 til å heve det globale havnivået med 10,6 millimeter. Held issmeltinga fram i same takt, vil det bety at 100 millionar menneske i kystnære område verda rundt kjem til å oppleve årlege flaumar mot slutten av dette hundreåret, ifølgje studien frå forskargruppa Ice Sheet Mass Balance Inter-comparison Exercise (IMBIE).
– Dette er ikkje usannsynlege hendingar med neglisjerbare effektar; dei skjer no og vil få øydeleggande konsekvensar for kystsamfunna, seier Shepherd.
Norsk bidrag
Shepherd har leidd studien saman med Erik Ivins ved NASAs Jet Propulsion Laboratory i California. Studien er støtta av dei europeiske og amerikanske romfartsorganisasjonane ESA og NASA. Forskarar ved Nansensenteret i Bergen har bidratt til studien.
Direktør ved Nansensenteret Sebastian H. Mernild har bidratt til studien med modellering av massebalansen og snødekket til Grønlands-isen, og dessutan analyse av lange tidsseriar med temperaturdata.
– Vi ser akselererande avsmelting av innlandsisen frå 1990-talet og fram til i dag. Mykje tyder på at innlandsisen i dei kommande åra kjem til å gi eit vesentleg bidrag til stigninga av havnivået, også i åra etter 2100, siger Mernild.
– Svært viktig studie
Mernild omtaler studien som svært viktig.
– Konklusjonane er tungtvegande og gir god ballast til politikarar som skal fatte avgjerder. Konklusjonane dannar òg eit godt grunnlag for den sjette hovudrapporten frå FNs klimapanel som kjem i 2021, siger Mernild.
Forskarane har kombinert data frå 26 ulike satellittbaserte undersøkingar av innlandsisen og berekna årlege endringar i massen av Grønlands-isen frå 1992 til 2018. Undersøkinga har nytta data frå elleve overvakingssatellittar som har målt endringane av volumet til innlandsisen, rørsle og tyngdefelt.
Forskargruppa har òg brukt regionale klimamodellar som viser at halvparten av avsmeltinga skjer på overflata og kjem av auka lufttemperatur. Den andre halvparten kjem av auka utstrøymning frå isbreane, som er utløyst av aukande havtemperatur.
Issmeltinga nådde ein topp i 2011 med eit tap på 335 milliardar tonn. Deretter flata issmeltinga ut. Studien omfattar ikkje tal for inneverande år.