Studentar med barn må få det betre

Kristeleg Folkeparti vil hjelpe studentar som har barn, eller som ventar på å få det.

Gravid
Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

Partiet utfordrar i haust regjeringa til å gi alle gravide studentar og dei med barn betre velferdsordningar, fødselsstipend og moglegheit til å ta eksamen tidligare enn medstudentane. Nestleiar i KrF Dagrun Eriksen håper forslaget blir godt motteke i regjeringa.

- Eg trur dagens ordning gjer at mange unge tenkjer at det er utrygt og dårleg lagt til rette, og difor ventar dei med å få barn.

Framskunda eksamen

I tillegg til fleksibel eksamenstid og fødselsstipend vil KrF gi studentforeldre billeg lege og bustad. Dagrun Eriksen trur det vil gjere det enklare for folk i 20-åra å få barn.

- Det vi treng er at folk får ein økonomi som gjer det trygt å få barn. Dessutan treng vi å ta tak i dei praktiske ordningane. Det skal ikkje vere opp til kvar einskild student å kjempe for sine eigne retter.

 - Ikkje gode nok

Line Khateeb er student og småbarnsmor og tykkjer ordningane for studentforeldre er for dårlege.

- Dei er ikkje gode nok viss du ikkje har ein jobb ved sidan av studia. Får ein barn utan å ha jobba ved sidan av studia og plutseleg må kjøpe ein del ting, er det ikkje nok pengar til å leve på, rett og slett.

Line var heldig og hadde jobba før ho vart gravid, då fekk ho også fødselspengar frå trygdekontoret. Ho klarer seg greit, men tenkjer på andre som ikkje har jobba.

-  Eg meiner det er eit statleg ansvar at alle studentar som får barn bør få meir pengar, at det skal vere lettare, seier ho.

- Må gi rom for at ein kan ha barn

Norsk studentunion-leiar, Per Anders Langerød, er einig med Khateeb.

-  Regelverket er ikkje tilpassa studentar med barn i det heile! Det finst eksempel på studentar som har hatt eksamen fire dagar etter fødselen. Det er eit veldig dårleg regelverk for studerande foreldre, forklarer han.

Det er spesielt ille for dei komande mødrene som har starta å studere no på hausten, og skal ha barn før 15. februar i det andre semesteret. Då får dei ikkje fødselsstipend fordi dei ikkje har hatt studielån meir enn seks månader før fødselen.

- Ordninga oppmoder ikkje akkurat studentar til å få barn under studia, og eg tykkjer det er uheldig. Studentar begynner å likne på befolkninga i samfunnet elles, og vi må få eit regelverk som gir rom for at ein kan ha barn.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger