Hopp til innhold

Striden om fødeavdelingane: Bunadskledde demonstrerer utanfor Stortinget

Ein klinikksjef meiner på sin side at kvaliteten på dei små fødeavdelingar ofte er for dårleg og var sjølv med på å legge ned fødestova på Ørlandet.

Bunadsgeriljaen

Bunadsgeriljaen utanfor Stortinget tysdag.

Foto: Gunhild Gjermundrud

Fødetilboda er halvert dei siste 40 åra. I 1979 var det 95 fødestader i Noreg, no er det 45 igjen. Fleire fødeavdelingar kan bli lagt ned – deriblant fødeavdelinga i Kristiansund.

Dette har fått bunadskledde kvinner over heile landet til å demonstrerer mot nedleggingar og sentralisering av fødetilbodet. Det var spådd at 1500 av dei ville samle seg utanfor Stortinget tysdag, men NRK på staden anslår at det er rundt 200 menneske som har møtt opp for å aksjonere mot sentraliseringa.

Men avstanden til fødeavdelingane må veges opp mot kvaliteten på fødeavdelingane, meiner Kjell Åsmund Salvesen, klinikksjef på St. Olavs hospital.

– Problemet med små fødeavdelingar er ikkje at dei er små, men at dei er vanskeleg å drifte. Det er vanskeleg å skaffe kompetente helsepersonell, særleg legar, og då er det vanskeleg å sikre kvaliteten på fødselshjelpa, seier Salvesen under Politisk kvarter.

Han var sjølv med å legge ned fødestova på Ørlandet for 15 år sidan fordi han mente det medisinske tilbodet ikkje var forsvarleg.

– Det har noko med mengdetrening også, at du må ha eit visst mengd for å bli god når det oppstår akutte situasjonar. Det får du ofte ikkje på dei små fødeavdelingane. Legane som skal jobbe der er i tillegg avhengig av et godt fagmiljø rundt seg. Difor må det vere minst fem legar på fødeavdelinga på eit lite sjukehus. Og ikkje berre det, du må ha anestesilege viss du skal gjere keisarsnitt og då må du ha fem av dei, og så må det vere kirurgar som kan hjelpe til viss du får komplikasjonar. Dermed blir det veldig vanskeleg å rekruttere nok fagfolk til dei små fødeavdelingane, seier Salvesen.

Kjell Åsmund Salvesen sjefslege St. Olavs Hospital

Klinikksjef Kjell Åsmund Salvesen meiner det kan vere forsvarleg å legge ned fødestuer viss det fører til at den medisinske kvaliteten som tilbys blir betre.

Foto: NRK

Kvinner med ikkje-planlagde fødslar utanfor institusjon har tre gonger høgare risiko for at barnet dør under, eller i løpet av, første døgn etter fødselen, viser forsking utført av fødselslege Hilde Engjom ved Haukeland universitetssjukehus som har sett på 637.000 fødslar i Noreg de siste ti årene.

– Er det ikkje naudsynt med kortast mogleg reiseveg?

– Det er viktig å ha kort veg, men samtidig så er fødsel ein akutt ting. Du kan ikkje berre sjå på avstanden, du må også sjå på innhaldet i den tenesta du skal gje. Eg meiner at ved små fødeavdelingar så er det ofte eit problem med kvaliteten på fødselshjelpa, seier Salvesen.

– For passiv

Trass i at fødeavdelinga i Kristiansund er i ferd med å leggjast ned og regjeringa har opna opp for lokale diskusjonar om sykehusstrukturen i Innlandet og på Helgelandskysten, seier helseminister Bent Høie at dei ikkje går føre seg noka sentralisering i Noreg.

– Så når du seier at det ikkje skal vere ei sentralisering, så gjeld ikkje det for Helgeland og Innlandet?

– Nei fordi dei har ein ønska å ha ein diskusjon om sjukehusstrukturen. Det ville vore veldig feil om ein på førehand hadde konkludert med at den diskusjonen får ikkje dykk lov å ha. Det er mange på Helgeland som meiner at det mest fornuftige er å ha eit stort sjukehus og så er det mange som meiner at det bør vere to sjukehus. Eg har sagt at begge alternativa skal greiast ut.

– Kva med Kristiansund, kan du garantere at fødeavdelinga der blir halde ved lag?

– Det er bestemt at ein skal ha eit felles sjukehus i den regionen og det er det stor lokal einigheit om. Det har vore usemje om plassering, men for eit tidspunkt vil det bli eitt sjukehus.

Bunadsgeriljaen

Det er spådd at rundt 1500 bunadskledde menneske vil samle seg utanfor Stortinget. Bildet er tatt under demonstrasjonstoget tysdag.

Foto: Gunhild Gjermundrud

Geriljaleiar Anja Solvik var av dei som heldt appel utanfor Stortinget tysdag.

– Vi har tolt for mykje for lenge. Vi har født i vegkanten, i busslomma, i baksete, i gangen heime. 367 kvinner i året rekker aldri fram til fødestede sitt. Dette kan ikkje politikarane overlate til heleforetakene. Dette handlar om liv, sa ho under talen.

Lene Backmann, regionsleder i Den norske jordmorforeningen i Oslo, var også av dei som møtte opp for å aksjonere mot sentralisering av fødeavdelingar tysdag.

– Kvifor er dykk her i dag?

– Vi er her fordi vi er i mot nedlegging av fødeavelinger i Noreg. Vi har blitt lovd at det de fødestuene som er igjen i Noreg skal opprettholdes, men vi har fått signal på at det skal redusereres ytterlegare, og det kan vi ikkje vere med på, sa Backmann.

SVs politiske talsmann, Kari Elisabeth Kaski, meiner regjeringa er for passiv i forbindelse med demonstrasjonane mot sentralisering.

– Det er eit behov for å stanse sentraliseringa av fødeavdelingane, men også gje auka ressursar til fødeavdelingane som vi har, slik at kvinner får tryggleik. Det er eit politisk ansvar. Hadde regjeringa meint alvor med dette så hadde dei auka løyvingar i revidert nasjonalbudsjett som leggast fram i dag, med nye stillingar til jordmortenester rundt omkring i landet, seier Kaski.

NRK skrev først i artikkelen at «risikoen for at barn døyr under eller rett etter fødsel, er tre gonger så stor i dag enn for 30 år sida». Dette er feil og nå retta opp. Forsking viser derimot at kvinner med ikkje-planlagde fødslar utanfor institusjon har tre gonger høgare risiko for at barnet dør under, eller i løpet av, første døgn etter fødselen.

AKTUELT NÅ