– Det er ikkje atomvåpen på Gerald Ford.
Det seier den danske forskaren Hans M. Kristensen til NRK.
Kristensen er leiar for informasjonsprosjektet for kjernekraft hos The Federation of American Scientist og professor ved SIPRI-instituttet i Stokholm. Han er ein av verdas fremste ekspertar på atomvåpen.
– Alle amerikanske krigsskip blei rusta ned for atomvåpen av regjeringa til Clinton under The Nuclear Posture Review i 1994, legg han til.
Hans M. Kristensen er ein av verdas fremste ekspertar på atomvåpen.
Foto: Federation of American ScientistsVar for skråsikker
Under debatten torsdag fortalde forskar og orlogskaptein Tor Ivar Strømmen at han såg det som «ikkje usannsynleg» at det var atomvåpen på hangarskipet som no ligg utanfor Malmøya i Oslo.
Når NRK tar kontakt med Strømmen nokon dagar seinare fortel han at var for kategorisk i ordlyden på debatten, og at han derfor ønsker å utdjupe:
– La meg kort gjenta argumenta for mitt eigentlege syn, og det er ikkje det som mange har skapt ut av eit kort ordskifte – eit ordskifte kor eg stod fram som for skråsikker, fortel Strømmen.
Han held fram:
– USA har kapasitet til å ha slike våpen på hangarskipa, og dei har i mange sine auge også behov for det. Det er derfor ikkje mogleg å kategorisk avvise at dei har slike våpen om bord – trass offisiell informasjon og trass kva FAS ved den alltid duglege Hans Kristensen hevdar.
Tor Ivar Strømmen er forskar ved Forsvarets høgskule og orlogskaptein
Foto: Valentina Baisotti / NRK– Ekstraordinære utspel krev ekstraordinære bevis
– USA trakk i land alle taktiske atomvåpen frå overflatemarinen, og frå dei taktiske ubåtane på byrjinga av 1990-talet. Det er også korrekt at dei har segla utan slike våpen om bord lenge, seier Strømmen.
Strømmen meiner det kan ha skjedd endringar i desse retningslinjene i 2017 som følge av at Russland og Kina utvikla nye taktiske atomvåpen, og begynte å ta dei om bord på fartøya sine.
Bli med om bord på verdas største krigsskip.
Kristensen er ueinig, og meiner det ikkje skjedde nokon endringar i 2017 under Trump:
– Som vi seier i USA: Ekstraordinære utspel krev ekstraordinære bevis. Det var nokon som under Trump føreslo at dei skulle utstyre hangarskipa med atomvåpen igjen, men dette skjedde ikkje, seier Kristensen.
Tor Ivar Strømmen meiner likevel at vi ikkje kan vite sikkert om det faktisk er atomvåpen om bord på skipet.
– Ingen veit dette sikkert utanom dei som faktisk kontrollerer dette arsenalet. Og eg meiner framleis at bodskapen må vere at ingen kan garantere at dei ikkje har det, avsluttar Strømmen.
Forsvarsministeren: – Det reknar eg som heilt sikker
Hangarskipet blir drive av to atomreaktorar og skipet måtte derfor søke om konsesjon for å få leggje til i ei norsk hamn.
NRK har vore i kontakt med Direktoratet for strålevern og atomsikkerheit (DSA) som tar jamlege prøver ved det atomdrivne skipet. Dei ønskjer å sikre at ingenting frå reaktorane slepp ut i norsk farvatn.
Astrid Liland er beredskapsdirektør i DSA
Foto: Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet– Vi har analysert prøvar jamleg kvar dag. Alle dei prøvane vi har tatt har ikkje målt nokon radioaktive stoff, fortel direktør for beredskap Astrid Liland.
Dei vil ikkje kommentere spekulasjonane om det kan vere atomvåpen på USS Gerald Ford.
– Det er ikkje ei sak for oss, seier Liland.
– Det er forsvaret som må kommentere det, legg ho til.
Forsvarsministeren sa torsdag at han rekna det som heilt sikkert at skipet ikkje var utstyrt med atomvåpen:
– Nei, det er det ingen grunn til å tru. Det er jo norsk politikk av vi ikkje ønsker velkommen skip som har atomvåpen om bord. Det har vore norsk politikk i mange tiår, sa forsvarsminister Bjørn Arild Gram.
Forsvarsminister Bjørn Arild Gram seier det ikkje er god grunn til å tru at det er atomvåpen på «USS Gerald R. Ford».
Foto: David Skovly / NRKVeit du det?
– Det reknar eg som heilt sikkert, avslutta Gram.
Sjå heile debatten her:
Forsvarsekspertar ueinige om korleis russarane reagerer.