NRK Meny
Normal

Strengere lov mot miljøsyndarar

Det skal bli vanskelegare å køyre i naturen. Direktoratet for naturforvaltning vil no skjerpe lova.

Storfjellet
Foto: Lars Olav Lund, Statens Naturoppsyn

Motorferdselslova gjeld for fleire og fleire, men er på langt nær oppdatert. Byråkratane i Direktoratet for naturforvaltning arbeider på spreng for å endre lova.

LES: Skogssynderne slipper unna

- Vi kan illustrere det med veksten i talet på køyretøy i utmark. Sidan lova kom i 1977 har det vore ei enorm auke. Den gong var det 8000 køyretøy, medan det i dag er over 60.000, seier Anders Iversen, seksjonssjef i Direktoratet for naturforvaltning.

 

Skredulykke etter snøscooterkjøring

Skredulykke etter snøscooterkjøring.

Foto: Lars Olav Lund, Statens Naturoppsyn

Grove overtramp

Oppsynsmann Lars Olav Lund i Rindal i Møre og Romsdal forteljer om kor store overtrampa i dag er. Han har ansvaret for fjellmassane i Trollheimen og for naturvernområdet.

- 17. mai for eit par år sidan var det ein gjeng som køyrde inn i Trollheimen, midt i kalvinga til reinen. Det er sjølvsagt ulovleg på alle måtar. Vi har og eksempel frå folk som tek seg til rette i marka og køyrer ned sårbare områder. For snøscooterkøyring blir det ofte isbrann i ettertid. Barmarkkøyring etterlatar spor som blir synlege i mange år.

Statens Naturoppsyn har ansvaret for oppsyn i heile Noreg. I følgje statistikken er Finnmark og Midt-Noreg, i tillegg til innlandskommunar på Austlandet, områder som skil seg ut for brot på lova.

 

 

Barmarkskjøring i Jøldalen

Barmarkskjøring i Jøldalen.

Foto: Lars Olav Lund, Statens Naturoppsyn

Strengare  

Lova om motorferdsel skal sendast ut på høyring til ei rekkje instansar, og til hausten vil Stortinget behandle den. Både i høyringa og hjå politikarane på Stortinget vil det bli debatt. NRK veit i følgje kjelder at direktoratet vil gjere det vanskelegare å ferdast med køyretøy i naturen.

I fjor haust la utvalet ”Motorferdsel og samfunn” sin rapport på bordet. Den seier klart at det ikkje er eit ønskje om å opne for meir ferdsel i naturen. I følgje seksjonsjef Anders Iversen vil nok den nye lova gå i same retning.

- Lovverket vi har, er ei miljølov. Det er ikkje noko ønskje verken frå utvalet eller her i direktoratet om å vike vekk frå det. Omsynet til naturen skal gå føre når den nye lova sendast ut på høyring i starten av juni i år.

 

Kjøring i naturen
Foto: Øyvind Andre Haram / NRK
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger