Hopp til innhold

Strenge kommunar i nord meiner landet bør lære av dei

Regjering og næringsliv ber kommunar i Nord-Noreg om å droppe strenge lokale karantenereglar. Men kommunelegen i Rana meiner det er dei som gjer det rette og at nasjonale styresmakter har noko å lære.

Rana Gruber

Gruvene i Rana er ei av verksemdene som kan få problem med dei nye karantenereglane i kommunen. Når det kjem nye skift på jobb måndag, må dei som bur i kommunar utanfor Helgeland i karantene på brakka i fjorten dagar.

Foto: Frank Nygård / NRK

I kommunane på Helgelandskysten i Nordland fylke er reglane strenge no. Kjem du reisande frå kommunar utanfor Helgeland skal du rett i karantene. I 14 dagar.

Det er unntak for nokre samfunnskritiske funksjonar, men elles er det strengt for alle. Og med god grunn, meiner kommuneoverlegen i Rana kommune.

– Helgeland har svært få påviste tilfelle av Covid-19, vi har ingen pasientar på sjukehus og vi har i stor grad kontroll på smittekjedene. Dette står i stor kontrast til enkelte andre område i landet, seier kommuneoverlege Frode Berg til NRK.

Bønn om meir sunn fornuft

Men reglane har konsekvensar. Ikkje minst for det lokale næringslivet.

I dag skal eit nytt skift starte på ein to veker lang arbeidsperiode i gruvene til Rana gruver på Storforshei. Arbeidarane kjem reisande til anlegget frå ulike stader. Fleire av dei bur i nordnorske kommunar utanfor Helgeland.

Kjem dei til gruvene i Rana i dag må dei dermed rett i karantene. Difor opplyser gruvebedrifta til NRK at dei planlegg for at det kjem færre arbeidarar og at dei må drive anlegget med ein mindre arbeidsstokk. Det kan truleg gå ei stund, men det er uvisst kor lenge.

Julie Brodtkorb er administrerande direktør i Maskinentreprenørenes Forbund. Ho har medlemsbedrifter som utfører arbeid for anlegg over heile landet. Også i gruvene i Rana. Ho meiner det lokale regelverket ikkje er til å leve med.

Julie Brodtkorb.

Julie Brodtkorb, administrerande direktør i Maskinentreprenørenes foreining.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

– I ei tid der mange bedrifter må legge ned og permittere fordi det er reell smittefare, er det veldig viktig at vi klarer å halde oppe verksemder som kan drive normalt utan reell fare for smitte, seier ho til NRK.

Ho meiner gruveverksemda er eit eksempel på næringsliv som blir hardt råka av strenge, lokale vedtak som eigentleg ikkje er nødvendig.

– Eg har djup respekt for at kommunane vil ta vare på sine innbyggarar. Men eg håpar på sunn fornuft. Det er ikkje smittefare. Anlegget er langt unna folk, det er eit inngjerda område, argumenterer Brodtkorb.

Ho meiner det er mogleg å gjere tiltak på både dette anlegget og mange andre som gjer at arbeidarar ikkje kjem i kontakt med andre. Maskinførarar jobbar i sitt eige førarhus, og mange arbeidarar i anleggsindustrien bur på brakker. Det er mogleg å isolere folk der. Det bør vere mogleg å gjere tiltak som i praksis fjernar smittefaren mens verksemda får halde fram, meiner Brodtkorb.

Ber dei lempe på reglane

Brodtkorb er tidlegare Høgre-topp og statssekretær for statsminister Erna Solberg. Statsministeren deler Brodtkorbs synspunkt. Ho kommenterte problemstillinga då ho arrangerte «folkets spørjetime» på Facebook i går.

– Vi snakkar med kommunane om at dei ikkje må lage reglar som gjer at folk ikkje kjem seg på jobb, sa Solberg der.

Folkehelseinstituttet skreiv følgande før helga:

«FHI anbefaler ikkje å sette i verk tiltak som innreiseregler og karantene mellom kommunar og landsdelar.»

Justisminister Monica Mæland ba kommunar nordpå droppe søring-karantene på fredag.

Men også regionalt har kommunane fått motbør. I helga ba NHO, LO, Nav og fylkeskommunen kommunane i nord om å opne grensene.

Står på sitt

Men verken statsminister, næringslivstoppar eller nasjonale helsestyresmakter overtyder kommunelegen i Rana. Han meiner det er dei andre som er på feil kurs.

– Dei karantenereglane som gjeld nasjonalt er ulogiske, argumenterer han.

Kommuneoverlege Frode Berg (t.v) og Rana-ordførar Geir Waage (Ap) presenterte lokale karantene-reglar førre helg.

Kommuneoverlege Frode Berg (t.v.) og Rana-ordførar Geir Waage (Ap) presenterte lokale karantene-reglar førre helg.

Foto: Frank Nygård / NRK

– Reglane er slik at folk som kjem reisande frå lågendemiske område (område med lite smitte) i utlandet blir omfatta av dei nasjonale karantenereglane. Samtidig har vi ikkje reglar for folk som kjem reisande frå høgendemiske område i Noreg.

Han nemner fylka Oslo og Viken som eksempel på slike område med mykje smitte og sjukdom. Han håpar nasjonale styresmakter kjem med reglar som gir klare og tydelege reglar for reiser innanlands. Dei reglane bør likne dei som er innført i Helgelandskommunane, meiner han.

– Eg meiner dei reglane er meir logisk enn dei nasjonale.

AKTUELT NÅ