Hopp til innhold

Strengare straffereglar mot framandkrigarar

Regjeringa foreslår strengare reglar i straffelova, for å hindre at nordmenn dreg til konfliktområdet for å delta i krigen der.

Anundsen
Foto: Christensen, Marte / NTB scanpix

– Det har vore vanskeleg å bevise kva framandkrigarar har gjort i konfliktar som i til dømes Irak og Syria. Dette lovforslaget vil forby all form for aktivitet i ikkje-statleg militær aktivitet, seier justisminister Anders Anundsen

Han meiner det er eit stort samfunnsproblem at personar reiser frå Noreg og sluttar seg grupper som til dømes IS. Han seier at Regjeringa sitt lovforslag er eit direkte svar på desse utfordringane.

Rekruttering vert ulovleg

Førebuingar til slik deltaking, samt rekruttering og bidrag til rekruttering vil også kunne vere straffbart, seier Anundsen.

Han seier det vil verte enklare for Politiets tryggingsteneste no å bevise at ein person er skuldig i desse lovbrota.

– Tidlegare har vi måtta bevise tilknyting til ein registrert terrororganisasjon. Det gjeld ikkje no lenger. No må ein berre bevise at ein har delteke i konflikten, seier Justisministeren.

Anundsen meiner at lovverket har vore utilstrekkeleg på desse områda. Det er til slutt Domstolen som skal avgjere kor grensa for deltaking går.

IS-krigere i Raqqa

Regjeringa vil gjere det ulovleg å rekruttere framandkrigarar til ikkje-statlege militære konfliktar.

Foto: Raqqa Media Center- File / Ap

Utvidar definisjonen på landssvik

Anders Anundsen seier lovforslaga er viktige og naudsynte. Dei vil også ha ei utviding av definisjonen av landssvik ved å gå lenger i å gjere det straffbart å angripe norske styrkar i konfliktar.

– Dersom norske styrkar vert angripne av nordmenn i til dømes Syria eller Irak, vil det verte straffa hardare no, ved at vi utvidar definisjonen på landsvik. Dette vil verte straffa hardare no, seier han.

AKTUELT NÅ