Hopp til innhold

Streik i prosessindustrien frå måndag

1422 Industri Energi-medlemmar fordelt på ti bedrifter går ut i streik frå måndag av.

Glencore nikkelverk i Kristiansand

328 tilsette ved Glencore Nikkelverk i Kristiansand går ut i streik frå måndag av.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK Luftfoto

Det bekreftar riksmeklar Mats Wilhelm Ruland overfor Dagbladet Børsen.

– Det er ein alvorleg situasjon for partane. Det er ein ganske stor konflikt som vil presse både dei tilsette og bedriftene hardt. Det er energikrevjande bedrifter som er heilt avhengig av å halde produksjonen gåande, seier han til NRK.

Meklinga gjekk for lukka dører og Ruland kan derfor ikkje seie kva partane ikkje klarte å bli einige om.

18 timar på overtid

Meklinga starta torsdag 11. august. Fristen for å bli einige gjekk ut ved midnatt, men partane heldt fram til i kveld. Då var dei 18 timar på overtid.

– Det er alltid trist når partane ikkje kjem til einigheit. No får vi ta ein timeout i dag og så får vi starte arbeidet på nytt og prøve å finne ei løysning dei komande dagane, seier riksmeklar Ruland til NRK.

Forhandlingane mellom Industri Energi og Norsk Industri på arbeidsgjevarsida om elektrokjemisk overeinskomst vart broten 4. mai.

Vil styrke lokale tillitsvalde si forhandlingsmakt

Fagforeininga ønskjer seg både fleire verktøy som gjev dei meir forhandlingsmakt i lokale lønsforhandlingar og meir løn.

– Vi er misfornøgde med måten dei lokale lønsforhandlingane har vore drive dei siste åra, seier forbundsleiar i Industri Energi, Frode Alfheim til NRK.

Deira lokale tillitsvalde meiner dei har vore utan reell forhandlingsrett og Industri Energi ønskjer derfor lokale sanksjonsmoglegheiter til å setje fart på forhandlingane og sikre ei betre lønsutvikling for medlemmane sine.

– Som jobbar i ein industri som flyt over av pengar, seier Alfheim.

Sidan 2016 har dette vore et sentralt tema i forhandlingane i hovudoppgjeret, utan at situasjonen har betra seg, meiner arbeidstakarsida.

– Det er ein situasjon vi ikkje lenger kan akseptere, seier forbundsleiaren, som og meiner at motparten deira har vist lite forhandlingsvilje.

Frode Alfheim, forbundsleiar Industri Energi

Frode Alfheim, forbundsleiar Industri Energi

Foto: Carina Johansen

Seier dei er prinsipielt ueinige

Administrerande direktør Stein Lier-Hansen i Norsk industri kjenner seg igjen i påstanden om at dei skal ha vist lite forhandlingsvilje.

Til NRK seier han at det «eigentleg ikkje var snakk om økonomi», men prinsipielt viktige ting, som dei ikkje vart einige om

– For oss var det veldig prinsipielt, og det var vel årsaka til at vi ikkje vart einige, seier Lier-Hansen.

Han peiker på at streikerett og liknande middel i Noreg som regel er eit verktøy arbeidstakarsida kan bruke i dei sentrale lønnsforhandlingane.

– Det har ein ikkje i dei lokale lønsforhandlingane. Her ville motparten innføre det og det meinte vi var unødvendig og eigentleg skadeleg, seier Lier-Hansen til NRK.

Stein Lier-Hansen er administrerende direktør i Norsk Industri.

Stein Lier-Hansen er administrerande direktør i Norsk Industri.

Foto: Patrick da Silva Sæther / NRK

Lier-Hansen seier at streiken rammar ein viktig del av norsk næringsliv i ei svært krevjande tid.

– Norsk kraftforedlande industri produserer metall som alle treng. Dei vil tape inntekter i ein streik. Dei tilsette vil og sjølvsagt bli påført inntektstap fordi dei ikkje får løn, seier han.

Samtidig seier Lier-Hansen at han ikkje ønskjer å dramatisere konsekvensane av streiken.

– Av og til må vi gjennom ein streik for å finne smarte løysningar. Eg håpar dette blir kortvarig.

AKTUELT NÅ