NRK Meny
Normal

Strammar inn startlånreglane

Kommunane får no nye forskrifter for tildeling av startlån. Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner vil sikre at låna går til dei som treng det mest.

Jan Tore Sanner

STRAMMAR INN REGLANE: Jan Tore Sanner vil gi startlån til dei som treng det mest.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Tal frå 2012 viser at seks av ti som fekk startlån frå Husbanken tente over 400.000 kroner, skriv Dagens Næringsliv. I andre tilfeller har personar med over 1 million kroner i inntekt fått innvilga slike lån. No vil Sanner stramme inn på ordninga.

Låna frå Husbanken vert administrert av kommunane.

– Det har vore ei eksplosiv auke i talet på startlån og det som vert gitt. Frå 2007 til 2013 har startlåna auka frå 3,4 milliardar kroner til nærare 7 milliardar kroner. Det betyr at låna i aukande grad konkurrerer med den ordinære marknaden. Det skal dei ikkje gjere, seier Sanner til avisa.

Startlånordninga skal no rettast mot dei som har langvarige bustad- eller finansieringsproblem.

– Det kan vere lågtlønna, einslege foreldre, flyktningar eller utviklingshemma. Dette vil gjere at fleire får moglegheita til å eige sin eigen bustad, seier Sanner.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger