Hopp til innhold

Erna sin stortingsvikar narkosikta

Stortingspolitikar Erik Skutle (24) frå partiet Høgre er sikta for narkotikalovbrot i ei sak som er under etterforsking.

Vi har nulltolleranse for bruk av narkotika, sier Høyres parlamentariske leder Trond Helleland.

- Eit alvorleg tillitsbrot, seier den parlamentariske leiaren til Høgre, Tond Helleland, om at stortingsrepresentanten Erik Skutle har brukt hasj.

Eirik Skutle

Stortingsrepresentanten Erik Skutle er sikta av politiet i Hordaland for brot på narkotikalova.

Foto: Høyre

Skutle er sikta for brot på narkotikalova. Siktinga er relatert til ein omfattande narkoaksjon mot fleire vidaregåande skular i Bergen for ei dryg veke sidan.

Skutle skal vera ein av tre personar som er sikta i den pågåande saka for kjøp, bruk og innehav av narkotika.

– Dei tre blei alle lauslatne etter avhøyr, men er framleis sikta, understrekar Jørn Solsvik, seksjonsleiar for organisert kriminalitet ved politiet i Hordaland.

Han varslar at Skutle og dei andre to kan venta seg ei straffereaksjon.

– Alle er sikta for innehav og bruk av narkotika. Det er marihuana, og i likskap med dei andre sakene så er dei også mistenkte for å ha brukt hardare stoff som kokain, seier politiadvokat Marita Mellingen til NRK.

Skutle skal sjølv ha erkjent bruk av hasj ved eitt høve.

Vil ha hasj på apoteket

– Høgre si stortingsgruppe er kjend med at ein av våre representantar, Erik Skutle, i politiavhøyr har erkjent bruk av hasj ved eitt høve, opplyser den parlamentariske leiaren til Høgre, Tond Helleland, i ei pressemelding torsdag ettermiddag.

24-åringen representerer partiet Høgre og er stortingsvikar for Erna Solberg medan ho sit som statsminister i Høgre/Frp-regjeringa. Skutle har av fleire blitt omtala som eit stort politisk talent.

I går gjekk Skutle ut i VG med eit forslag om å legalisera sal av cannabis på apotek og på Vinmonopolet.

Om han sjølv har brukt narkotika, ville ikkje stortingsvaraen svara på.

– Eg ønskjer ikkje å kommentera det. Eg brukar ikkje narkotika på nokon som helst måte. Eg held meg til gjeldande lovar, sa Skutle til avisa.

NRK har vært i kontakt med lederen av Høyres stortingsgruppe og de forteller at de vil komme med en meddelelse i løpet av en halvtime.

Politisk kommentator i NRK, Lars Nehru Sand, kommenterer saka frå Stortinget.

Høgre: – Ser svært alvorleg på dette

Politikaren har ikkje fått oppnemnd forsvarar. NRK har førebels ikkje lukkast i å koma i kontakt med den sikta.

– Me ser svært alvorleg på dette og i Høgre har me nulltoleranse for bruk og eige av narkotika. Dette er eit alvorleg tillitsbrot overfor partiet og Høgre si stortingsgruppe. Samstundes er det viktig å ta vare på Skutle og freista å hjelpa han på best mogleg måte, seier Helleland på vegne av partiet.

Helleland har vore i kontakt med den narkotikasikta partifellen.

– Han har det etter forholda bra. Han erkjenner å ha gjort noko ulovleg og ber om orsaking for det grove tillitsbrotet, fortel den parlamentariske leiaren.

Siktinga mot Skutle har slått ned som ei overrasking i partiet og i heile stortingsmiljøet, fortel politisk kommentator i NRK Lars Nehru Sand frå Stortinget.

– Det pregar stemninga, spesielt i Høgre, fordi ein veit godt kven denne personen er og bryr seg om vedkommande, seier fortel Sand.

Fleire frå Høgre sikta

Ifølgje avisa BA er ikkje Skutle den einaste frå partiet Høgre som er sikta i denne saka.

Minst éin av dei andre sikta skal ha vore aktiv i Unge Høgre i Hordaland. Vedkommande er sikta for sal av narkotika, og har vore varetektsfengsla, melder BA.

I 2012 trekte Henning Warloe, ein annan Høgre-representant frå Hordaland, seg frå stortingsvervet etter å ha innrømt bruk av narkotika.

AKTUELT NÅ