Hopp til innhold

Stortingspartia om kontantstøtte til bedrifter: Mykje uklart

Partia på Stortinget er positive til kontantstøtte-pakke til næringslivet, men meiner for mykje er uklart. Dei har også fleire kritiske innvendingar til krisepakka Erna Solberg la fram seinare på dagen.

Finanskomiteen og krisepakker

SPØRSMÅL: Aps Hadia Tajik og Frps Sylvi Listhaug har mange spørsmål til kva dagens pakke faktisk betyr. Her etter eit møte i finanskomiteen førre veke.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

– Det er veldig bra at ein har jobba saman med partane i arbeidslivet, men problemet her er at vi får for lite detaljar, seier Sylvi Listhaug, finanspolitisk talsperson i Frp, til NRK medan regjeringa held pressekonferanse om kontantstøtte for kriseråka bedrifter.

Ordninga ikkje utforma i detalj

På pressekonferansen med finansminister Jan Tore Sanner og næringsminister Iselin Nybø kom det fram at regjeringa vil bruke mellom 10 og 20 milliardar kroner i månaden på støtte til næringslivet.

«Kontantstøtteordninga» er ikkje ferdigsnikra, og detaljane og avgrensingane blir ikkje presenterte før neste fredag.

Sanner sa på pressekonferansen at det skal vere ei støtte til dei med vesentleg inntektsbortfall og at støtta skal dekke ein andel av faste kostnader.

– Kva betyr stort fall i omsetning og kva betyr andel av faste kostnader, spør Listhaug. – Eg håpar det kjem seinare, men ei veke fram i tid er faktisk lenge å vente no.

Treng pengar, ikkje signal

– Det er bra at det kjem signal om pengar, men bedriftene treng pengar for å halde seg flytande, ikkje signal, seier Arbeidarpartiets finanspolitiske talsperson, Hadia Tajik.

Finanspolitisk talsperson i Arbeidarpartiet, Hadia Tajik, kommenterer regjeringa sitt forslag 27. mars om å gje "kontantstøtte" for bedrifter som er råka av inntektssvikt på grunn av koronakrisa.

PENGAR, IKKJE SIGNAL: Finanspolitisk talsperson i Arbeidarpartiet, Hadia Tajik, om forslaget.

Ho er samd med Listhaug i at det ein vesentleg detalj verkar veldig uklar:

– Den einaste detaljen som er presentert til no er at det ikkje er snakk om 100 prosent kompensasjon, så då er det store spørsmålet, kor mykje av kostnadane har regjeringa tenkt at staten skal ta?

Uklart

Også SV er positiv til dei overordna tankane men sit med fleire spørsmål.

– Vi veit førebels ikkje kva graden av dekning av kostnader blir eller om det får tilbakeverkande kraft. I tillegg må vi stille krav om at bedrifter som får støtte, ikkje seier opp folk i den perioden støtta gjeld, seier finanspolitisk talsperson Kari Elisabeth Kaski.

Stortinget om regjeringens krisetiltak

DETALJAR: Sp-leiar Vedum vil diskutere utforminga av ordninga.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Senterpartiet etterlyser også fleire detaljar. Partiet meiner likevel det er bra at regjeringa presenterer det som allereie er klart. Det kan vere nyttig for bedriftseigarar som no må i forhandlingar med bank og gardeigar å kunne vise til at kontantstøtteordninga er på veg.

Men partileiar Trygve Slagsvold Vedum mislikar signala om at bedriftene ikkje kan rekne med å få dekt alle utgifter.

– Det må vi sjå litt kritisk på. Det er nokre berdifter som er pålagt næringsforbod og som ikkje kan drive. Eg synest vi skal gå ein ekstra runde og sjå på om dei skal få dekt alle utgifter, seier Vedum.

MDGs stortingsrepresentant Une Bastholm tek til orde at bedrifter som er pålagt å stenge, bør få dekka minst 80 prosent av dei faste kostnadane sine av staten.

– Regjeringa burde gitt endå tydelegare beskjed til frisørar, tatovørar, dei seriøse i utelivsbransjen og andre som har blitt tvunge til å stenge ned, om at dei vil bli redda, seier Marie Sneve Martinussen, nestleiar i Raudt.

Kritisk til pakke

Klokka 12 la Erna Solberg fram ei ny krisepakke, som inkluderte den nemnde «kontantstøtta».

Også der kom opposisjonen med fleire kritiske innvendingar.

– Eg er enormt skuffa over at regjeringa ikkje lovar pengar til kollektivselskapa. Milliardene kom raskt på bordet for flybransjen. Foreløpige beregningar tydar på at kollektivselskapa nå samla tapar rundt 170 millionar kvar veke Det kan bli ein katastrofe for kollektivtilbudet i byregionane, også etter at alle er i jobb igjen, seier Une Bastholm.

Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum saknar også en meir kontret pakke:

– Grunnen til at det blir slik, er at regjeringa ikkje begynte å jobbe med dette tidlig nok. Så vil regjeringa gjerne si at dei har ei ordning, men dei har ikkje nok på plass. Dermed varslar dei det for tidlig. Me skal bruke helga her på Stortinget til å ramme inn ordningen bedre, så den blir tryggare for folk.

I SV etterlyser dei ei breiare pakke.

– Dette er ingen krisepakke for dei mange, og dei som treng det mest blir latt i stikken. Her er ingen nye forslag til å tette hola i sikkerheitsnettet. Vi treng ein krisepakke som hindrar at prisen for krisa blir lagt på skoleborn og eldre på sjukeheim. Derfor må kommunane få eit tosifret milliardbeløp, seier SVs finanspolitiske talsperson Kari Elisabeth Kaski.

AKTUELT NÅ