Hovudregelen er at Etterretningstenesta skal driva overvaking i utlandet, mens PST skal overvaka i Noreg.
NRK har fått tilgang på Kontroll- og konstitusjonskomiteens førebelse innstilling kor ein samrøystes komite «ber regjeringen legge frem forslag til en revidert lov om Etterretningstenesta».
Lov om Etterretningstenesta frå 1998 seier i paragraf 4 «Etterretningstjenesten skal ikke på norsk territorium overvåke eller på annen fordekt måte innhente informasjon om norske fysiske eller juridiske personer.»
Overvaking i Norge er det berre PST som har lov til, og då etter at ein domstol har godkjent overvakinga. E-tenesta kan overvaka nordmenn i utlandet, men då etter eit regelverk dei sjølv forvaltar.
- Les også:
Vil legga fram forslag i Stortinget
Jette Christensen (Ap) som har vore saksordførar for saka i komiteen, stadfestar til NRK at ho vil leggja fram eit representantforslag i Stortinget om endring av e-lova.
Arbeidarpartiets Jette F. Christensen har vore saksordførar for saka i Kontroll- og konstitusjonskomiteen.
Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix– Eg meiner det er naudsynt fordi tenesta sjølv treng det, og verda ser heilt annleis ut no enn i 1998. Me treng ei e-teneste som kan ta vare på både personvernet og folks tryggleik, samt at ein har demokratisk kontroll over tenesta. Då må ein sjå på heile lova, seier ho til NRK.
Årsaka til at Christensen, med komiteens støtte, vil be Regjeringa sjå på korleis lova om den norske E-tjenesten fungerer, har særleg bakgrunn i EOS-utvalets særskilde melding som blei kjend i sommar.
Då avslørte EOS-utvalet, som har ansvar for å kontrollere dei norske hemmelege tenestene, at E-tenesta kan finna ut kven nordmenn har kontakt med i utlandet. Det handlar om til dømes e-post, telefon og Facebook, og gjeld typisk nordmenn som har kontakt med folk som er i område som E-tenesta overvakar.
Det er ikkje slik at E-tenesta, iallfall enno, kan lagra og søka i innhaldet i telefonsamtalane dine eller e-postane dine.
EOS-utvalet meiner metoden kan vera ulovleg
Leiar for EOS-utvalet, Eldbjørg Løwer ønsker ikkje å kommentera innstillinga før komiteen har gitt ho endeleg frå seg.
EOS-utvalets leiar Eldbjørg Løwer har tidlegare vore forsvarsminister for Venstre, og dermed ansvarleg statsråd for E-tenesta.
Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix– Før var det eit klart skilje mellom innanlandsetterretning og etterretning i utlandet. Men på grunn av terrortrusselen er det ikkje lenger det. Og då blir nokre av metodane i grenseland, sa Eldbjørg Løwer til Aftenposten om saka i sommar.
I den særskilde meldinga frå i sommar presiserte utvalet at dei ikkje har funne grunn til å kritisera etterretningstenesta. Men dei skisserte to tolkingsmåtar av metoden som E-tenesta gjer. Den eine tolkinga er at metoden er ulovleg.
E-sjef Morten Haga Lunde kan måtta forholda seg til eit nytt lovverk.
Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpixE-tenesta var uvanleg krasse i eit brev til EOS-utvalet om saka i vår. Der kritiserte dei blant anna utvalets rettsforståing, og viste til «manglande kunnskap».
E-tenesta viste også til at det kunne få alvorlege og dramatiske konsekvensar for mellom anna kontraterror-arbeidet, om tenesta mista moglegheita til å søka i nordmenns kontakt med utlandet.
Les også: