Hopp til innhold

Stortingsgruppa til Venstre med nye krav til resten av regjeringa

Stortingsgruppa i Venstre har kome med nye krav til Frp og resten av regjeringa, etter å ha vore samla i eit ekstraordinært gruppemøte i Oslo sentrum onsdag føremiddag.

Venstres stortingsrepresentant Abid Raja etter krisemøte om bompenger

Venstres stortingsrepresentant Abid Raja etter krisemøte om bompengar

– Eg tviler på at vi får ei løysing i løpet av dagen, seier stortingsrepresentant Abid Raja, på veg ut av gruppemøtet i Venstre.

– No har vi hatt eit godt og konstruktivt møte i stortingsgruppa, og vi har kome med nokre konstruktive tilbakemeldingar til resten av regjeringa, seier parlamentarisk leiar i Venstre Terje Breivik.

Ingen av dei to vil seie kva dei nye krava er, men fortel at det handlar om betre byluft, fleire sykkelvegar og meir kollektivtransport.

– Vi har kome med krav som handlar om den politikken som er viktig for Venstre, seier Breivik.

Etter det NRK erfarer konkluderte stortingsgruppa med at Venstre ikkje kan leve med ei løysing basert på Frps haldning om at ei krone meir til Venstre-tiltak utløyser ei krone meir til sletting av bompengegjeld.

Det var første gong at stortingsrepresentantane til Venstre fekk sjå den mykje diskuterte bompengeskissa, som Frp sitt landsstyre allereie har vedteke.

No er vegen vidare at Trine Skei Grande skal ta med seg krava frå stortingsgruppa til dei andre partileiarane. Erna Solberg har avbrote ei reise på Island for å kome heim til Oslo og forhandle i saka, og onsdag avbraut også KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad eit valkamparrangement på Sørlandet for å kome tilbake til hovudstaden.

Terje Breivik

I TRÅD MED VENSTRE SIN POLITIKK: nestleiar i Venstre Terje Breivik seier at dei nye krava er i tråd med Venstre sin politikk og Granavoll-plattformen, men vil ikkje konkretisere noko meir.

Foto: Siri Saugstad / NRK

Siv Jensen: – vi er ferdige med forhandlingane

Partileiar i Frp Siv Jensen er avvisande til dei nye krava frå Venstre.

– Det er vanskeleg å kommentere på et innhald som eg ikkje kjenner, men Venstre har hatt to månader på seg til å leggje sine ting på bordet, og vi er ferdige med å forhandle.

Stortingsrepresentant og sentralstyremedlem i Frp Christian Tybring-Gjedde seier at heile partiet stiller seg bak dette.

– Då landsstyret i Frp vedtok denne skissa til løysinga så var det under tvil, det blir ingen endringar. Om Venstre ikkje vil gå med på det, så er det opp til statsministeren, seier Tybring-Gjedde.

Situasjonen er då altså at Frp ikkje vil forhandle vidare, medan Venstre har kome fleire nye krav. Medan statsministeren og Kjell Ingolf Ropstad har avbrote sine arrangement på grunn av utviklinga i bompengesaka, er Venstre-leiar Trine Skei Grande allereie på veg til Halden for å delta i sykkelarrangementet Ladies tour of Norway.

Ekstraordinært gruppemøte i Venstre

MØTE FRÅ KLOKKA 12: her, ikkje så langt frå Stortinget, sit stortingsgruppa i Venstre i møte onsdag føremiddag.

Foto: Siri Skaustein / NRK

Sentralstyret har allereie forkasta skissa

I tillegg til dei åtte stortingsrepresentantane til Venstre, skal også klima- og miljøminister Ola Elvestuen, statssekretær Sveinung Rotevatn og sekretariatsleiar Torild Skogsholm ha vore på møtet i Venstre.

Vanlegvis er også sentralstyret til stades under dei ordinære gruppemøta i Venstre, men det var dei ikkje i dag.

Det er berre dagar sidan eit samstemt sentralstyre i Venstre forkasta ei skisse til løysing som Frp sitt landsstyre har vedteke. Etter det har Siv Jensen sagt at det ikkje er aktuelt for partiet å forhandle vidare.

Venstre kan ikkje akseptere meir trafikk

Usemja mellom regjeringspartia oppstod etter bompengar vart ein stor valkampsak i vår. Det skjedde ved at det nye bompengepartiet plutseleg gjorde det veldig bra på meiningsmålingane, medan Framstegspartiet gjorde det veldig dårleg.

Frp har svart med å vedta fleire krav om lågare bompengar til dei andre regjeringspartia, men Venstre har konsekvent avvist krava.

For Venstre er det heilt avgjerande at biltrafikken i byane ikkje aukar. Dette står det også om i regjeringsplattforma som dei fire partia vart samde om i januar. Det blir kalla nullvekstmålet, og handlar om at sjølv om byane veks, så skal veksten i trafikk berre vere folk som går, syklar eller brukar kollektivtransport.

Dyrare bomringar er noko av det byane har brukt for å få dette til, og Venstre fryktar at dersom det no plutseleg blir billegare å køyre gjennom bommen, så vil fleire gå tilbake til å bruke bilen.

Siv Jensen hilser på velger under valgkampåpningen 2019

FORNØGD MED SKISSA: Siv Jensen og Frp er fornøgde med den skissa landsstyret deira har vedteke, og er ikkje interesserte i å forhandle vidare.

Foto: Bergit Sønsteby Svendseid / NRK

Ikkje aktuelt for Støre å ta over no

Sjølv om bompengespliden vert skildra som ei mogleg regjeringskrise, tykkjer ikkje Ap-leiar Jonas Gahr Støre at det verkar sannsynleg at han kjem til å bli statsminister før valet.

– Dette bompengebråket skuggar for alle andre saker, og regjeringa må rydde opp i det. Det er ikkje ei aktuell problemstilling at Arbeidarpartiet tek over no, seier Støre.

AKTUELT NÅ