Hopp til innhold

Stortinget stilte eitt krav til søppeltømmarane sine: Pris

Norsk Gjenvinning, som fekk kontrakta på Stortinget, er kritiske til anbodet dei sjølve vann. – Det er for passivt å berre stille krav til pris, seier konsernsjef Erik Osmundsen.

Stortinget stilte berre eitt krav til søppeltømmarane sine: Pris. Norsk Gjenvinning, som vann kontrakta på Stortinget, er kritiske til anbodet dei sjølve vann. – Det er for passivt å berre stille krav til pris, seier konsernsjef Erik Osmundsen.

– Det er ikkje særleg ambisiøst å berre stille krav til pris, seier Nancy Strand, administrerande direktør i Avfall Norge.

Sjefen i Norsk Genvinning får full støtte av bransjeorganisasjon Avfall Norge.

– Det er ikkje særleg ambisiøst å berre stille krav til pris, seier Nancy Strand, administrerande direktør i Avfall Norge.

I anbodet som Stortinget la ut på Doffin står det at pris blir vekta 100 prosent. Det var altså det einaste tildelingskriteriumet som blei stilt til den nye leverandøren.

– Burde starte hos styresmaktene

Konsernsjef i Norsk Gjenvinning, Erik Osmundsen, meiner Stortinget burde gå foran som eit godt eksempel, og stilt strengare miljøkrav til seg sjølv.

– Dersom vi faktisk skal få til eit grønt skifte, så kan vi ikkje vere bakoverlente og rekne med at alle andre skal gjøre det. Då må vi vere framoverlente. Eg meiner det burde starte hos styresmaktene. Ein startar på toppen og viser retning for resten av samfunnet, seier Osmundsen til NRK.

Avfall Norge og Norsk Gjenvinning meiner Stortinget burde stilt langt strengare krav i anbodet.

– Dei kunne til dømes stilt krav til kva køyretøy som fekk hente avfallet, seier Strand.

Ho viser til at Oslo kommune har gjort dette i anbodsrunden for henting av avfall frå kommunen sine innbyggjarar.

– Dei har stilt krav til at søppelbilane skal køyre på biogass. Det har ikkje Stortinget gjort, seier Strand.

Terje Olsen, avdelingssjef på Stortinget, tek sjølvkritikk.

Terje Olsen, avdelingssjef på Stortinget, tek sjølvkritikk.

– Ganske alvorleg

Konsernsjefen i Norsk Gjenvinning meiner det er ein trend at statlege aktører stiller meir og meir krav til pris, i staden for å stille miljøkrav.

– Det er fleire og fleire anbod som blir meir og meir orientert på pris. Anbodet frå Stortinget er eit døme på det, men det er ein brei trend i Noreg at det blir meir og meir fokus på pris, seier Osmundsen.

Andreas Gillund, dagleg leiar i Vestfold Avfall og Ressurs AS (VESAR), meiner det er skuffande at statlege aktørar ikkje stiller høgare krav til miljø.

– Eg reknar med at dette anbodet ikkje har vore ei politisk avgjerd, men at administrasjonen har hatt dårleg tid og slengt ut eit anbod. Dette har skjedd andre stader, seier han og legg til:

– Det som då kan skje, er at ein fort kan ende med at til dømes barnehagar som sorterer matavfall og plast, havnar i ei suppe og blir brent i staden for å bli riktig sortert. Det er ganske alvorleg.

Stortinget: Etterpåklok

Terje Olsen, avdelingssjef på Stortinget, tek sjølvkritikk.

– Eg ser i ettertid at dette her må vi forbedre oss på. Vi skal jobbe ytterlegare med miljøkrav og prøve å tenkje heile leveransekjeden til dei leverandørane som er hos oss, seier Olsen til NRK.

– Har Stortinget eit ekstra ansvar på slike ting?

– Stortinget som vedtek lovane bør jo prøve å vere i førsteklasse.

AKTUELT NÅ