Hopp til innhold

Stortinget sitt presidentskap skal gå gjennom ordninga med etterløn og pendlarbustadar

Stortinget sitt presidentskap skal gå gjennom ordninga med etterløn for stortingsrepresentantar. Det same gjeld ordninga med pendlarbustadar.

Muntlig spørretime

TAR GREP: Stortingspresident Tone Trøen.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Stortinget sitt presidentskap har bestemt å gjera ein gjennomgang med ordninga for etterløn og ytingar som stortingsrepresentantar tek imot når dei sluttar.

Gjennomgangen vil skje i løpet av hausten 2021.

Det var Dagens Næringsliv som omtalte saka først. Dei har hatt fleire saker om stortingspolitikarar som har jobb, men som likevel har fått etterløn frå Stortinget.

– Stortinget er avhengig av tillit. Og Stortinget sitt presidentskap er opptekne av vi skal ha ordningar som verkar etter hensikta og som representantane nyttar etter intensjonane, seie stortingspresident Tone Trøen (H) til NRK.

Skal gå gjennom pendlarbustad-ordninga

Trøen bekreftar til NRK at presidentskapet også har bestemt å gjennomgå ordninga med pendlarbustadar.

Både gjennomgangen av pendlarbustadsordninga og ordninga for etterløn og ytingar som representantar tek imot når dei sluttar, seier ho kjem i kjølevatnet av fleire mediesaker den siste tida.

– Eg meiner det er utruleg viktig å sikra at dei fungerer etter formålet. Difor er vi opptekne av å ha ein gjennomgang, både for å sikra det, men også for å sjå nærare på kontrollen av bruken av ordningane, seier Trøen.

– Er kontrollen av ordningane ikkje god nok i dag?

– Nei, det vil eg ikkje seia. Men det er viktig for oss å sikra at kontrollen er god, og det er viktig å sikra at regelverk og ordningar fungerer etter intensjonen, understrekar Trøen igjen.

Ho hevdar at dei tek jamlege gjennomgangar og justeringar av ordningane, og at det er eit viktig arbeid.

– Og så har det no vore merksemd rundt einskilde saker, og då er det viktig for oss at vi tar nye gjennomgangar av desse. Den openheita som gir moglegheit for pressen til å få full inngang til desse opplysningane – det er den openheita som på sikt vil byggja tillit, seier ho.

Trøen vil ikkje kommentera sakene som har vore i mediebiletet den siste tida.

Fekk gratis pendlarbustad

Nyleg avslørt Aftenposten at KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad hadde fått gratis pendlarbustad av Stortinget samstundes som han eigde og leigde ut ein leilegheit på Lillestrøm.

Også tidlegare har det vore liknande saker, blant anna om Himanshu Gulati, som eigde fire leilegheiter i Oslo og likevel fekk gratis pendlarbustad.

Årsaka var at han hadde kjøpt seg leilegheit på Jessheim, som var meir enn 40 kilometer unna.

Då var han kvalifisert til pendlarbustad.

AKTUELT NÅ