Hopp til innhold

Stortinget seier nei til stemmerett for 16-åringar

Stortinget stemte onsdag mot forslaget om å gi 16-åringar stemmerett frå og med neste års lokalval.

Valgurne stemmerett

Stortinget tok onsdag stilling til om vi skulle senke stemmerettsalderen i Noreg.

Foto: HÅKON MOSVOLD LARSEN / NTB

Onsdag behandla Stortinget lovforslaget frå Venstre om å gi 16-åringar stemmerett. På førehand hadde forslaget fått støtte frå Raudt, SV, Arbeidarpartiet og MDG. Men då saka var oppe til votering stemte 78 for forslaget og 88 nei.

Då forslaget blei behandla i Kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget for ei veke sidan, kom fleirtalet med ei tilråding om å opne for at også 16- og 17-åringar skal kunne få stemmerett.

Men forslaget fekk altså ikkje fleirtal i Stortinget.

Prøveprosjekt

Sveinung Rotevatn (V) var ein av dei som stod bak forslaget. I Stortinget viste han til at det ikkje var første gong dei drøfta problemstillinga. Allereie då han var fersk representant i 2013 låg det eit forslag på bordet.

Den gongen blei det sett i gang prøveprosjekt i fleire kommunar med stemmerett for 16- og 17-åringar.

– Og alle desse prøveprosjekta har vist positive resultat. Vi såg at det var høg valdeltaking i gruppa, dei stemte «normalt» og det kom fleire unge inn i kommunestyra, sa Rotevatn frå talarstolen.

Regjeringens forslag til endringer i statsbudsjettet

Sveinung Rotevatn (V) var ein av dei som stilte forslaget i Stortinget.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Han får støtte frå partifelle Alfred Jens Bjørlo, som sjølv har vore ordførar i ei kommune som har hatt prøveprosjekt.

– Eg trur tida jobbar for denne saka. Det er eit tidsspørsmål før det blir eit fleirtal for dette. Eg skulle ønske det var no, sa han.

Myndigheitsalder og stemmerettsalder

Blant partia som var i mot forslaget, blei det lagt særleg vekt på at det er svært varierande kor modne dagens 16- og 17-åringar er. Dei meinte også at det måtte vere samsvar mellom myndigheitsalder og stemmerettsalder.

– Vi har til tider hatt ulike myndigheitsalder og stemmerettsalder. Men vi har aldri hatt det slik at stemmerettsalderen er lågare enn myndigheitsalderen, sa Peter Frølich (H).

Stortingsrepresentant for Høyre Peter Frølich

Høgre og Peter Frølich støtta ikkje forslaget om å senke stemmerettsalderen til 16 år.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Han sa at du utøver ein form for mynde når du bruker stemmeretten.

– Det går fint an å engasjere seg og delta i demokratiet sjølv om ein er under 18 år, sa han.

Meiner motstandarane har bevisbyrda

MDG var blant partia som støtta forslaget frå Venstre. Partileiar Une Bastholm meiner det blir feil å bruke alderen mot dagens 16-åringar, og meiner det er dei som no har stemt i mot som har bevisbyrda når dei meiner unge ikkje er kvalifisert til å stemme.

– Demokratiet vårt blir sterkare når fleire får ta del i det. I eit liberalt demokrati er det dei som vil nekte nokon stemmerett som har bevisbyrda mot seg. Vi skal ha veldig gode grunnar til å nekte 16- og 17- åringar stemmerett.

Une Bastholm på klimastreik

MDG-leiar Une Bastholm ønsker å senke stemmerettsalderen i Noreg. Her frå ei skulestreik for klima i mars.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Leiar for Raud ungdom, Alberte Tennøe Bekkhus meiner Stortinget tar frå unge retten til å påverke i lokaldemokratiet ved å skrote forslaget.

– 16-åringar bruker også kommunale og fylkeskommunale tenester. Dei blir også ramma av avgjerdene politikarane gjer, og brur seg ikkje mindre enn vaksne. Likevel set Stortinget ned foten for at 16-åringar får medverke i val. Det er skuffande.

Organisasjonar vil kjempe

Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner, LNU, er skuffa over utfallet i Stortinget i dag. Men LNU-leiar Margrete Bjørge Katanasho seier ho likevel ser lyspunkt.

– Dette har vore ei hjartesak for LNU og andre aktørar i lang tid. Men det er også truleg spennande å sjå at saka har vakse så mykje som ho har. Ho har historisk stor oppslutnad i Stortinget, og talet på støttespelarar stig stadig.

Les også 16-åringer får stemme over Innlandets framtid

Omar Yagci

Også Redd Barna er skuffa etter avstemminga, og meiner Stortinget skusla bort ei historisk moglegheit. Men leiar Monica Sydgård seier dei ikkje gir opp kampen.

– Vi er nærare enn nokon gong, og held fram kampen. Å senke stemmerettsalderen til 16 år er eit viktig steg for å styrke barn og unges rett til å bli høyrt. FNs barnekonvensjon og Grunnlova slår fast at barn har rett til å påverke i saker som handlar om dei etter kvart som dei blir eldre og meir modne, seier ho.

AKTUELT NÅ