Hopp til innhold

Stortinget seier nei til å droppe eksamen for godt

SV håpa å skaffe fleirtal for å avvikle dagens eksamensordning. Men Stortinget garanterer at det fortsatt skal vere eksamen for elevar i ungdomsskule og vidaregåande.

Eksamen våren 2020

FORTSATT EKSAMEN: Vallhall arena i Oslo vart brukt til eksamen i vidaregåande skule for privatistar korona-våren 2020. Stortinget vil fortsatt ha eksamen.

Foto: Lise Åserud / NTB

Etter tre skuleår med unntakstilstand på grunn av pandemi, har eksamensordninga i norsk skule vore oppe til diskusjon. For både i 2020, 2021 og i år har viruset gjort at dei aller fleste eksamenar blei avlyste.

SV meinte tida no var inne for å avvikle dagens eksamensordning.

Men slik blir det altså ikkje.

Eksamenskritikk, men ikkje endring

Utdanningskomiteen på Stortinget har behandla SV-forslaget og konkluderte i dag. Det er ikkje vanleg at forslag frå enkeltparti på Stortinget samlar fleirtal, men SV er partiet som regjeringa er avhengig av å ha eit godt forhold til. Partiet hadde difor håpa dei kunne få med seg regjeringspartia på å byrje ei endring i norsk skule.

Les bakgrunnen for forslaget: SV vil ha med regjeringa på å avvikle dagens eksamen

No må partiet innsjå at dei og Raudt fortsatt står åleine om å ville avvikle dagens eksamensordning.

SVs stortingskandidat i 2021, Freddy André Øvstegård.

TAPTE: Freddy André Øvstegård fekk ikkje med seg stortingsfleirtalet.

Foto: Javad M.Parsa / NRK

– Det verkar som eksamen har blitt ei slags heilag ku i skulepolitikken, seier Freddy André Øvstegård, SVs medlem i utdanningskomiteen på Stortinget.

– Partia går i skyttergravene og ønskjer ikkje nytenking, meiner han. – Alle partia går jo med på at det er behov for å vidareutvikle sluttvurderingsformene, men dei andre går likevel ikkje med på å erstatte dagens eksamen med noko anna.

Øvstegård viser mellom anna til at ein samla utdanningskomité skildrar eksamen slik i vedtaket:

«Komiteen merker seg at det i evalueringer av eksamensordningen er trukket frem enkelte svakheter ved dagens eksamen. Manglende forutsigbarhet, skjevhet i trekket, sensorer som vurderer identiske oppgaver ulikt og ulik vanskelighetsgrad på eksamensformer er eksempler på dette. Komiteen viser til at det derfor er viktig at vi fortsetter å videreutvikle eksamen, både med hensyn til kvalitet og rettferdighet, uten at det går på bekostning av tilliten til eksamen.»

Eksamensgaranti

Arbeidarpartiets kunnskapsminister Tonje Brenna har lova at eksamen skal bestå. Dette framgår også av regjeringa sitt politiske dokument, Hurdalsplattforma. Begge regjeringspartia, Ap og Sp, gjekk dermed mot SV-forslaget på Stortinget.

Vi bevarer eksamen og karakterar som vurderingsform i skulen, seier Elise Waagen som er Arbeidarpartiets talsperson i utdanningskomiteen på Stortinget.

Men det betyr ikkje at døra er stengt for endringar.

– Vi skal ha ein gjennomgang av eksamensordningane og dei vurderingsformene vi har. Utdanningsdirektoratet er allereie i gang med dette. Men det er veldig viktig for oss at dette er kunnskapsbasert, vi må gjere det grundig og sanke kunnsskap før vi endrar noko.

Elise Bjørnebekk-Waagen, stortingsrepresentant og utdanningspolitisk talsperson for Arebeidarperitet.

BEVARE: Aps Elise Waagen vil fortsatt ha eksamen i skulen.

Foto: Bernt Sønvisen / Arbeiderpartiet

Elevkamp

Elevane si viktigaste stemme i skulen, Elevorganisasjonen, har kjempa for å fjerne dagens eksamensordning. Skuleelevane sin organisasjon meiner dagens ordning ikkje gir rettstryggleik til den enkelte eleven og at eksamen ikkje fremmar læring.

Lærarane sin største organisasjon, Utdanningsforbundet, uttrykte skepsis til SV-forslaget, som hadde to delar.

  • Det skulle bli lov med lokale prøveordningar der ein droppar eksamen
  • Regjeringa skulle bli pålagt å legge fram endringar i dagens eksamensordning seinast våren 2023

Utdanningsforbundet skreiv i sitt innspel at det var betenkelege sider ved at fylke og kommunar skulle få utforme eigne sluttvurderingsordningar i ulike forsøk. Dei peika på at eksamensresultat skal sikre rettferdig konkurranse om studieplassar i heile landet, og meinte det er viktig at ein ikkje legg opp til forsøk som gir elevar i forsøksfylke urimelege fordelar.

SJÅ DEBATTEN I POLITISK KVARTER: Farvel, eksamen?

Høgre har vore den ivrigaste forsvararen av eksamen og ser eksamen som ein viktig rett for elevane i norsk skule. Utdanningspolitisk talsperson Margret Hagerup er difor glad for at SV-forslaget stranda.

– Vedtaket sikrar eksamen som ei viktig vurderingsform for elevane i norsk skule og det sikrar at vi fortsatt kan ha ein sentralgitt eksamen som er lik over heile landet.

– Kva synest du om regjeringspartia sine formuleringar?

Dei er ganske tydelege på at eksamen skal bestå, og eg er glad for at dei er tydelege på det.

SV-politikar Øvstegård vel å sjå lyst på livet trass politisk nederlag.

– Det er bra at det er utgreiingsarbeid på gang, det er fylke og kommunar som ønskjer å teste ut endringar. Så det skjer noko på feltet. Vi skulle berre ønske at det gjekk raskare.

AKTUELT NÅ