Hopp til innhold

Stortinget kan bli Blenda-kvitt

Stortinget kan neste år bli Blenda-kvitt. Dei politiske partia slepper ikkje til innvandrarpolitikarane.

Stortinget
Foto: Eilif Aslaksen / NRK

Landets nasjonalforsamling kan dermed bli heilt utan representantar med innvandrarbakgrunn etter valet.

Partia ligg an til berre å prioritere politikarar med norsk bakgrunn på dei sikre plassane på listene.

Dette skjer trass i at ein av ti innbyggjarar i Noreg har minoritetsbakgrunn.

Nominasjonane i gang

Afshan Rafiq

Afshan Rafiq vil kjempe for ein 4. plass på Oslo Høgre si liste, men i dag har partiet berre tre på tinget frå Oslo.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Partia er no i gang med å finne ut kven som skal nominerast før valet neste år.

Etter det NRK kjenner til ligg det ikkje an til at nokon med innvandrarbakgrunn får sikker plass på listene.

Den einaste innvandrarrepresentanten som har hatt fast plass på Stortinget i perioden 2001 - 2005 er Afshan Rafiq (H).

I dag sit også Saera Kahn (Ap) på Stortinget, og Akhtar Chaudhry (SV) er vararepresentant fordi SV sit i regjering.

Av dei som kan vere nærast til å få plass etter valet, er desse fire, alle frå Oslo:

1. Akhtar Chaudhry (SV). Han kjempar for ein plass høgt oppe på lista til Oslo SV, men han kjempar mot kjende politikarar som Heidi Sørensen og Heikki Holmås.

2. Mazyar Keshvari (Frp). Han sit i dag i bystyret i Oslo for Frp. Truleg kjem han nokre plassar for langt nede på nominasjonslista til Oslo Frp.

3. Saera Kahn (Ap). Ho må truleg kjempe seg til ein 5. plass på lista til Oslo Ap, men det kan bli vanskeleg.

4. Afshan Rafiq (H). Ho vil kjempe for ein 4. plass på Oslo Høgre si liste, men i dag har partiet berre tre på tinget frå Oslo.

LES: Dagens representantfordeling på Stortinget

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger