Hopp til innhold

Storoffensiv mot varesvindel i norden

Representantar frå dei nordiske landa møttest i går for å bli samde om ein strategi for å stoppe varesvindel på tvers av grensene i norden. Problemet ligg høgt oppe i klagetoppen i alle nordiske land, ifølgje Forbrukarombodet.

Gry Nergård

Forbrukarombod Gry Nergård og hennar nordiske kollegaer hadde i går møte om storoffensiv mot abonnementsfeller.

Foto: CF-Wesenberg/Forbrukerombudet (Montasje)

– Lovverket mot varesvindel i Europa er den same, så det er enkel å sjå kven som held seg innanfor lova også i utlandet, seier forbrukarombod Gry Nergård.

I går hadde ho eit møte med sine nordiske kollegaer for å diskutere ein strategi mot det dei kallar abonnementsfeller.

– Møtet var veldig nyttig, vi tok opp døme på ulike typar varesvindel, eller sokalla abonnementsfeller. Vi fekk stadfesta at vi tolkar regelverket på same måte og vi vart einige om krav som skal stillast.

Gratispakkar er i realiteten kostbare abonnement

Dei villeiande annonsane møter forbrukarane i e-postar og som reklamar på nettet og i sosiale medium. Annonsane lovar ofte gratis eller sterkt rabatterte prøvepakkar på til dømes helsekost og kroppspleie. Vert ein freista til å takke ja, er resultatet nesten alltid at ein teiknar eit abonnement med løpande betalingsforpliktelsar utan å vite det.

– Abonnementsfeller opplevast som veldig plagsamt av forbrukarane, og dette er noko vi får mange klager på, fortel Nergård.

I fleire tilfelle har kundane blitt trekte direkte frå mobiltelefon eller kort, utan at dei sjølv er klar over eller har ønska å inngå eit kjøp. Og når dei nekta å betale, vart sakene sendt vidare til inkasso.

Internasjonalt fenomen

Abonnementsfeller er også eit internasjonalt fenomen. Hausten 2014 sonderte difor Forbrukarombodet terrenget på bakgrunn av eit internasjonalt samarbeid. Den gongen synte det seg at 38 av 38 kontrollerte «gratisprøver» var abonnementsfeller.

– Det sånn at dette fenomenet det ligg høgt oppe i klagetoppen i alle dei nordiske landa, så vi bestemte i haust at dette fenomenet skal vi gå til krig mot i 2015, seier Nergård.

49 av 52 kampanjar va abonnementsfeller

Tidlegare i år gjennomførte ombodet ein større tilsynsaksjon i Noreg med annonsar som lokkar med uforpliktande gratisprøver og kampanjetilbod på nettet. Resultatet viste at 49 av 52 undersøkte kampanjar var i realiteten abonnementsfeller.

18 norske selskap fekk brev om at dei måtte rette opp praksisen med abonnementsfeller. I tillegg vart éin aktør beden om å få villkåra tydlegare fram i marknadsføringa.

– Vi kunne glede oss over at dei norske selskapa som vi hadde tilsyn på, var dei som scoar best blant dei nordiske døma, fortel forbrukarombodet.

Men framleis driv to av desse selskapa ulovleg verksemd overfor dei andre nordiske landa.

– Vi ser fram til å ha eit godt og tett samarbeid med nabolanda våre for å få bukt med dette, for slik kan det ikkje vere, seier Gry Nergård.

AKTUELT NÅ