Hopp til innhold

Stormen tek liv og skapar kaos i Europa

Det er ikkje berre Vest-Noreg som merker stormen. I Storbritannia har minste fire menneske mista livet, i Skottland har over 100.000 mista straumen og aller verst er det for danskane. I morgon er det Baltikum og Aust-Europa som står for tur.

Det kraftige uværet i Nord-Europa fører til trafikale problemer flere steder.

Folk i Nord-Europa har hatt meir enn nok med å halde seg på beina, med vind på opp mot 150 kilometer i timen. I Storbritannia har ein mista livet etter at lastebilen han køyrde velta og kolliderte med fleire andre bilar.

Stormfrykt i Tyskland

I Tyskland er redselen for stormen stor, og det er frykt for at vinden kan bli den verste sidan stormen som kravde fleire hundre menneskeliv i 1962. Her frå nettutgåva av avisa Der Bild.

Foto: Bild.de / Skjermdump

Dansk radio

Danmark er landet som er hardast råka av stormen, og like ille kan det også bli i Danmark i morgon, seier statsmeteorolog Bente Wahl.

Foto: Dr.dk / Skjermdump
Bente Wahl

I dag er det Nordsjøen som har hatt det verste vêret, i morgon står Austersjøen for tur, seier statsmeteorolog Bente Wahl.

Foto: Kristian Elster / NRK

– Danmark ligg i det verste området heile tida, og vinden slår hardt inn over land sidan landet er så flatt, fortel statsmeteorolog Bente Wahl.

Danmark er no i full beredskap før den aller verste stormen slår inn over landet i kveld. Ei tre år gamal jente er hardt skadd etter at ho fekk ei glasrute i hovudet, og ifølge Dansk Radio åtvarar politiet på Jylland alle mot å bruke bilen om det ikkje er yttarst naudsynt.

Øresundbrua frå Danmark til Sverige er blant dei stengde vegstrekningane. Kastrup flyhamn er stengt og all togtrafikk er stoppa i Danmark.

Frå Nordsjøen til Austersjøen

Sverige og Balkan har til no unngått den aller verste stormen, men må bu seg på at morgondagen vert meir vindfull. I Skåne har vinden allereie begynt å ta seg opp i kveld, og dei kraftige naturkreftene vil nå dei baltiske landa i morgon.

– Sentrum av lågtrykket vil bevege seg innover Sverige i natt, og i morgon vil Tyskland, Baltikum og Polen få det verste vêret. Uvêret som i dag har vore over Nordsjøen vil i morgon ligge over Austersjøen, fortel Wahl.

I Tyskland er ei offentleg åtvaring allereie sendt ut, og dei verste meldingane går ut på at uvêret vil bli verre enn den dødelege stormen og etterfølgande oversvømminga i 1962 som tok livet av 315 menneske. I Kiel er vinden målt til 133 kilometer i timen, og folk bur seg på ei stormfull natt.

Det aller meste ferjetrafikk i Skagerrak og Nordsjøen er innstilt og ferjer og båtar lagde til land. Også mange togavgangar er innstilte som følger av vinden, og i Storbritannia er det sendt ut ei stor mengd flaumvarsel.

(Saka held fram under videoen og biletet)

Flomvarsel i UK

I Storbritannia er talet på flaumvarsel høgt. 234 varslar om flaum, der 42 av dei er alvorlege. Det er særskild austkysten av Storbritannia kor faren er størst for å få store mengder sjøvatn inn over land.

Foto: Environment Agency / Skjermdump

Vanskeleg for flytrafikken

Turbulens i flykabinen er ikkje unormalt, men det siste døgnet har det vore ekstra utfordrande for pilotane å styre flyet. På Nederlands største flyplass, Schiphol, er godt over 50 flyavgangar blitt kansellert, og fleire kanselleringar kan det bli seier ei talskvinne ved flyplassen. Også i Tyskland og Skottland er flygingar kansellerte.

Fleire fly har også avbrote landinga i aller siste liten på grunn av for sterk vind, slik som her i Birmingham (video under), kor eit Emirates-fly kjem skeivt inn på rullebanen og må avbryte landinga i siste liten.

Minst fire omkomne i Storbritannia

Eit menneskeliv gjekk tapt etter at ein lastebil velta og kolliderte med fleire andre bilar. Den omkomne er lastebilsjåføren og fire andre er skadde etter ulukka. Tre andre skal også ha mista livet etter at tre har falt ned over dei.

I Nord-Irland, Skottland, Storbritannia, Danmark og også her i Noreg har mange hundre tusen menneske mista straumen, og i morgon ser det ut til at det er svenskar, estarar, latviarar og litauarar som må ta den aller verste støyten. Sør for Alpene er det derimot roleg og fint vêr.

AKTUELT NÅ