Hopp til innhold

Støre: – Solberg har ein ubehageleg tone i debatten

Ap-leiar Jonas Gahr Støre reagerer på utsegnene til statsminister Erna Solberg (H) etter at ho fekk spørsmål frå Stortinget om endringar i abortlova.

Jonas Gahr Støre og Erna Solberg under Arendalsuka 2018

Ap-leiar Jonas Gahr Støre meiner statsminister Erna Solberg (H) har lagt seg til ein uverdig tone i debatten rundt eventuelle endringar i abortlova.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Stortingsrepresentant Marianne Marthinsen (Ap) sende eit skriftleg spørsmål til statsminister Erna Solberg for å høyre om ho var villig til å forhandle bort delar av abortlova for å få KrF inn i regjering.

Men Solberg sende spørsmålet vidare til helseminister Bent Høie, og viser til kva ho har sagt tidlegare om eventuelle endringar i lova.

– Endringane vi har sagt vi vil forhandle om vil i praksis ikkje endre på kor mange abortar som blir gjennomført, seier Solberg til NRK.

Ubehageleg tone i debatten

Statsministeren har opna for å diskutere abortlova når KrF set seg ned for å forhandle om regjeringsmakt. Det har fått mange som støttar den lova vi har i dag, til å reagere. Og mange av dei meiner Solberg er med på å så tvil om abortlova.

Men det avviste Solberg overfor NRK:

– Nei, og eg synest kanskje ikkje Ap skal spele dette kortet heile tida. Vi har ein debatt om eit viktig og stort spørsmål om etikk og abort. Det må vi kunne ha utan å spreie uvisse.

Men det er ein språkbruk som ikkje er ein statsminister verdig, meiner Ap-leiar Jonas Gahr Støre.

– Når ho ber Ap om ikkje å «spele det kortet», ber ho oss om ikkje stille spørsmål ved den debatten ho har sett i gang. Det er ein ubehageleg tone i debatten ho bør halde seg for god til.

Han reagerer også på korleis statsministeren har behandla spørsmålet ho fekk frå Stortinget.

– Erna Solberg har fått eit alvorleg og personleg spørsmål frå stortingsrepresentant Marianne Marthinsen, og så vil ho ikkje svare direkte. I staden svarar ho i form av kommentarar til NRK.

Meiner Solberg sår tvil om konsekvensar

Støre meiner dei motstridande utsegnene til Solberg og KrF-nestleiar Kjell Ingolf Ropstad også er med på å skape uvisse om kva konsekvensar ei endring i abortlova kan føre til.

– Solberg seier at endringar i lova ikkje skal få konsekvensar for talet på innvilga abortar, medan KrF seier at målet er at talet på abortar skal ned. Det skaper uro blant folk, og då må ho tole at det kjem spørsmål.

Kjell-Ingolf Ropstad KrF

KrF-nestleiar Kjell Ingolf Ropstad har sagt at ei endring i abortlova vil gi færre gjennomførte abortar.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Støre seier han forstår at spørsmålet om endringar i abortlova blir ein del av regjeringsforhandlingane. Men han meiner statsministeren kunne ha vore klarare på kva ho vil

– Det er skapt uvisse, og det må Solberg ta skulda for. Eg har respekt for at dette er noko dei skal forhandle om, men eg meiner ho bør seie noko om kva Høgre kan tenke seg.

AKTUELT NÅ