Hopp til innhold

Støre: - Ikkje steng døra til Kina

Jonas Gahr Støre åtvarar mot boikott av OL i Beijing.

Utenriksminister Jonas Gahr Støre i Dagsnytt Atten

Utanriksminister Jonas Gahr Støre argumenterar mot boikott i Dagsnytt Atten.

Foto: NRK

Mange tek til orde for boikott når Beijing arrangerar sommar-OL i august, men regjeringa vel ei anna linje.

- Eg er generelt skeptisk til boikott. Det er eit verkemiddel som handlar om å stengje ei dør, sa utanriksministeren i Dagsnytt 18 måndag kveld.

- Må kunne snakke saman

Han meiner det blir mykje verre å samarbeide med Kina om menneskerettane dersom ein øydelegg OL-arrangementet deira.

- Vi må veve Kina inn i det internasjonale samfunnet, og stille oss slik at vi kan fortsette dialogen etter 17 dagar med idrett, seier Støre.

Utanriksministeren ser ikkje at ein boikott er eit effektivt verkemiddel. Dermed går han stikk motsett veg av det mange både nasjonalt og internasjonalt tek til orde for.

- Ikkje skru av lyset

- Eg lyttar til politikarane som vil ha boikott av OL, men eg trur det er et kortsiktig verkemiddel som bryt kommunikasjonen, seier Støre.

Støre meiner det er viktig å setje flomlys på Kina.

- Men med ein boikott skrur ein av lyset, for ingen vil samarbeide med den som boikottar, påpeikar han.

Den siste tida har det vore ei rekkje store demonstrasjonar mot OL og mange ynskjer å boikotte opningsseremonien under leikane.

LES: Vil ha internasjonal OL-boikott

LES: Vil ha internasjonal OL-boikott

LES: Politikarar i USA vil boikotte OL

LES: Bondevik: Boikott bør vurderast

AKTUELT NÅ