NRK Meny
Normal

Støre: - Eit historisk vendepunkt for Libya

– Gaddafis motvilje mot å gå i dialog med sitt eige folk har ført til ein langvarig konflikt med stor liding for innbyggjarane, seier utanriksminister Jonas Gahr Støre.

Utanriksminister Jonas Gahar Støre.

Utanriksminister Jonas Gahr Støre kallar Gaddafis død eit historisk vendepunkt i Libya.

Foto: Bent Tandstad / NRK

Utanriksministeren minner om at det er det libyske folk som har leidd opprøret mot Gaddafi, og som no har ført til at Muammar Gaddafi er død. Han seier også at Noreg er godt nøgd med den jobben som NATO og Noreg har gjort i Libya.

– Demokratisk prosess

– Hendingane i dag har skapt eit historisk vendepunkt for Libya. Eg håpar at ei frigjeringserklæring vil kome i løpet av kort tid. Denne vil markerer starten på ein ny demokratisk prosess i landet, som vil føre til danninga av ei overgangsregjering og nasjonale val i nær framtid, seier Jonas Gahr Støre.

Støre seier at Noreg vil støtte Libya i det viktige forsonings- og gjenoppbyggingsarbeidet som no må kome i gang.

– Denne prosessen må vere brei og inkluderande slik at det kan leggjast eit best mogleg grunnlag for eit samla og demokratisk Libya. Vi forventar at Overgangsrådet respekterer folkeretten og humanitærretten i det vidare arbeidet med å sikre nasjonal einskap, seier han.

Video Utanriksministeren om drapet på Gaddafi

VIDEO: Utanriksminister Jonas Gahr Støre om Gaddafis død.

– Stilt for retten

På spørsmål om han synest det er problematisk at Gaddafi vart drepen, seier Støre at Noreg som eit demokratisk land sjølvsagt helst ville at han skulle bli stilt for retten. Men, seier han, vi må hugse at det har vore ein borgarkrig i landet.

Utanriksdepartementet har enno ikkje fått offisielle detaljar om det som skjedde då Gaddafi vart drepen, og Støre vil ikkje kommentere dette før det ligg føre fleire sikre opplysningar.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger