– Det er statsministeren og dei fire partia saman som har ansvar for å få gjennom eit budsjett. Det er alvorleg at det ikkje er avklart. Denne prosessen har vist at ei mindretalsregjering ikkje bør leggje fram ultimatum overfor partnarane sine, seier Jonas Gahr Støre til NRK.
Han meiner dette viser at det er stor politisk usemje mellom dei fire partia, men han er likevel overraska over at usemja om klimautslepp ikkje var avklart tidlegare.
– Alvorleg situasjon
– Situasjonen er usikker. VI er på overtid, og vi veit ikkje kva budsjett vi får. Dette er alvorleg også for kommunane og næringslivet, som ikkje veit kva dei har å halde seg til neste år, seier han.
På spørsmål om han er klar til å ta over som statsminister, dersom Erna Solberg (H) stiller kabinettspørsmål, svarar han dette:
– Vi vil gjerne ta over, men først etter valet i 2017. Vår rolle i budsjettprosessen er å leggje fram og røyste på vårt alternative budsjett. Det er det opposisjonen gjer i ein slik situasjon.
– Deira ansvar
Støre seier han har stor forståing for at det er ein vanskeleg situasjon for Kristeleg Folkeparti og Venstre, men at det no er deira ansvar, saman med regjeringspartia, å sørgje for at eit budsjett går gjennom i Stortinget.
Ap-leiaren ser ingen grunn til å meine noko om Erna Solberg bør stille kabinettspørsmål i Stortinget, men konstaterer at situasjonen blir stadig meir usikker, og at det blir stadig meir tvil om regjeringa er i stand til å handtere vanskelege spørsmål.
Det var i går kveld at Venstre-leiar Trine Skei Grande gjorde det klart at partiet
med regjeringspartia. I dag vart det klart at også Kristeleg Folkeparti om 2017-budsjettet.Bilpakken
Det er den såkalla bilpakken som har skapt den sterke usemja. Kristeleg Folkeparti og Venstre oppfattar at regjeringa har sett frå eit
, og dette har falle dei to mellompartia tungt for brystet.Venstre-leiaren sa før ho gjekk til nye samtalar med regjeringspartia i dag at ho tek det for gitt at statsministeren har noko nytt å leggje på bordet. Samstundes er ho skuffa over at statsministeren ikkje har teke sjølvkritikk på ultimatumet om bilpakken.
– Det viser at dei ikkje forstår alvoret, seier ho til NRK.