Hopp til innhold

NAF reagerer på avgiftslette for store firehjulstrekkarar

NAF, den største bilorganisasjonen her i landet, reagerer på at regjeringa vil gjere dei mest miljøskadelege bilane billegare, medan meir miljøvenlege bilar blir dyrare.

SUV (Sports and Utility Vehicle)

Store firehjulstrekkarar blir billegare i regjeringa sitt forslag til statsbudsjett.

Foto: SEBASTIAN WILLNOW / AFP

Vanlege bilar med utslepp på mellom 50 og 80 gram pr. kilometer blir nokre tusenlappar dyrare etter dette forslaget. Dei mest forureinande bilane, slik som større firehjulstrekkarar, blir faktisk billegare i Solberg-regjeringa sitt forslag til nye eingongsavgifter.

Regjeringen trekker Stoltenberg II-regjeringens forslag om å øke satsene for CO2-utslipp i engangsavgiften. Disse satsene er allerede svært høye, og en ytterligere økning vil blant annet gi økt avgift for en del store familiebiler. Statens inntekter foreslås fortsatt holdt på om lag uendret nivå ved mindre reduksjoner av effektkomponenten enn regjeringen Stoltenberg II foreslo. De øvrige forslagene til endringer i engangsavgiften fra regjeringen Stoltenberg II opprettholdes.

Frå statsbudsjettet

– Vanskeleg å nå klimamål

Kommunikasjonsrådgjevar Nils Sødal i NAF.

Nils Sødal i NAF likar dårleg at vanlege bilar blir dyrare, medan store bilar blir billegare.

Foto: Erik Norrud

– Dette vil gjere det vanskelegare å nå klimamålet om at nye bilar ikkje skal ha høgare utslepp enn 85 gram pr. kilometer i 2020, seier kommunikasjonsrådgjevar i NAF, Nils Sødal.

NAF er også sterkt uroa over at løyvingane til Transnova, selskapet som har som oppgåve å byggje ut ladestasjonar for elbilar. Løyvingane til Transnova går ned med 25 millionar kroner frå 75 millionar i forslaget frå Stoltenberg II-regjeringa.

– Dette er alvorleg for mange av våre medlemer som ynskjer å skaffe seg elbil. Færre vil ta sjansen på å kjøpe elbil når det kan bli problem med å lade opp bilen på langturar, seier Sødal.

LES OGSÅ: En merkedag for nordmenns lommebok

LES OGSÅ: Næringslivet: – Regjeringa har lukkast

Nøgd med vedlikehaldspott

På andre felt er NAF langt meir nøgd med regjeringa, blant anna når det gjeld satsing på vegvedlikehald. Regjeringa vil auke løyvinga til vegvedlikehald i 2014 med 500 millionar kroner.

Stig Skjøstad, NAF

Stig Skjørstad er administrerande direktør i NAF, den største bilorganisasjonen i landet.

Foto: Erik Norrud / NAF

Administrerande direktør i NAF, Stig Skjøstad, konkluderer med at forfallet på riksvegane blir stansa neste år, men at jobben med å bli kvitt forfallet må halde fram.

– Medlemene våre og norske trafikantar er særleg opptekne av vedlikehald. Derfor er det bra at vedlikehaldspotten aukar, seier han.

Solberg-regjeringa aukar løyvingane til veg med 1,8 milliardar kroner, noko som utgjer 45 prosent av auken i budsjettrammene.

LES OGSÅ: – Ironisk at regjeringen øker alkoholavgiftene mer enn de rødgrønnne

LES OGSÅ: Pensjonistforbundet hardt ut mot trygdeavgiften

– Spennande satsing

– Regjeringa viser at dei vil satse på samferdsel. Det er også det signalet endringane i budsjettet gir, seier Stig Skjøstad. Han synest også oppbygginga av eit fond for veg- og baneinvesteringar. Dette er starten på å finansiere eit eige utbyggingsselskap.'

NAF-direktøren er spent på korleis utbyggingsselskapet vil bli organisert.

– Det er framleis uklart, men eit slikt selskap må få midlar utanfor statsbudsjettet, seier Skjøstad.

AKTUELT NÅ