Hopp til innhold

Nye koronatiltak: Nasjonal anbefaling om munnbind

Alle over 18 år skal få tilbod om oppfriskingsdose innan påske. Regjeringa innfører også nasjonal anbefaling om munnbind der ein ikkje kan halde avstand.

Koronapressekonferanse etter statsministerens redegjørelse i Stortinget

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) seier det er ei heilskapleg vurdering bak dei nye tiltaka. Det er ikkje ønskeleg å stenge ned kulturliv, næringsliv og reiseliv.

Foto: Heiko Junge / NTB

– Mitt hovudbodskap er at pandemien ikkje er over. Den er over i ein ny fase. Vi skal gjennom ein vinter som vil krevje at vi held kontrollen, for smitten vil vere blant oss.

Det seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap). Han orienterte om status og vidare løp for regjeringa si koronahandtering.

– På den eine sida må vi finne tiltaka som gjer at vi unngår for stor belastning for helsetenesta. På den andre sida må vi unngå ny nedstenging, seier Støre.

Statsministeren understrekar at vi toler meir no som mange er vaksinerte. Likevel treng vi større oppslutning blant personar mellom 25 og 40 år, og enkelte grupper fødd i utlandet, seier Støre.

– Mitt klare bod til alle som har takka nei er: Takk ja, og vaksiner dykk.

Statsministeren redegjør for Stortinget om koronasituasjonen

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) seier staten vil ta vaksinerings-rekninga også neste år.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Dette er dei nye nasjonale reglane:

  • Viss du bur saman med ein som er smitta, må du halde deg heime i karantene til du har svar på ein negativ test. Dette gjeld vaksne, og uansett vaksinestatus. For barn er dette ikkje ei plikt, men ei anbefaling.
  • Blir du smitta av covid-19, må du vere isolert i fem dagar. Dette gjeld uansett om du er vaksinert eller ikkje. Fram til i dag har kravet vore to dagar for vaksinerte utan symptom. I tillegg må ein ha vore feberfri i 24 timar før ein går ut av isolasjon.

Dette er dei nye nasjonale anbefalingane:

  • Bruk munnbind i kontakt med helse- og omsorgstenesta.
  • Bruk munnbind på kollektivtransport, i taxi, i butikkar og på kjøpesenter der det ikkje er mogleg å halde avstand.
  • Vidarefører anbefalinga om jamleg testing av skuleelevar i område med aukande smittespreiing og høg belastning i helse- og omsorgstenesta.

Regjeringa ber også om at kommunar med aukande smitte og høg belastning i helsetenesta vurderer auka bruk av heimekontor.

Dei nye reglane gjeld frå 1. desember, og anbefalinga gjeld frå no og inntil vidare.

Ulik belastning på sjukehusa

246 koronasmitta pasientar er no innlagt på sjukehus. Helsedirektør Bjørn Guldvog meiner innleggingstala må ned nasjonalt.

– Men det er spesielt viktig å sjå dette regionalt, for belastninga har vore ulik, seier Guldvog.

Koronapressekonferanse etter statsministerens redegjørelse i Stortinget

Myndigheitene seier dei følger med på innleggingstala i Noreg.

Foto: Heiko Junge / NTB

Støre seier tiltaka og anbefalingane dei no innfører gir rammer for korleis jula blir. Folk kan likevel planlegge for å vere saman med familien.

– Viss vi skal kontrollere smitten gjennom vinteren og erkjenne at smitten kjem til å vere med oss vidare, må vi treffe tiltak uansett om det er julaftan eller kvardag, seier han.

Jobbar med koronasertifikat-ordning

Frå klokka 14 i morgon er koronasertifikat-ordninga på plass for kommunar som ønsker å ta det i bruk, opplyser helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol. Så langt er det berre Tromsø kommune som har ønska det.

I Danmark har dei valt å innføre nasjonalt koronasertifikat, som dei meiner har hatt god suksess.

– Viss ein skal bruke ordninga meir omfattande, som andre land har gjort, så er det ein ny lovprosess, og det jobbar regjeringa med, seier Kjerkol.

Jonas Gahr Støre (Ap) med munnbind.

Det blir igjen nasjonal anbefaling av bruk av munnbind på mellom anna kollektivtransport. Her frå Støres valkamp.

Foto: Torstein Bøe / NTB

Helsedirektør Bjørn Guldvog seier dei ikkje vil anbefale å innføre koronasertifikat for å legge press på dei uvaksinerte.

– Det kan gi ein aukande motivasjon, men det er ikkje brukt som eit verkemiddel.

Oppmodar til vaksinering

Støre seier dei jobbar med nye innstrammingar i grensereglane, som dei vil fortelje meir om på eit seinare punkt.

– No går det føre seg ei vurdering av tiltak på grunn av den nye varianten. Vi følger det time for time, seier Støre.

Nok ein gang oppmodar statsministeren dei over 65 år til å takke ja til oppfriskingsdosen. Alle over 18 år skal få tilbod om tredje dose innan påske, i midten av april.

– Klarer vi det, reduserer det behovet for inngripande tiltak betrakteleg.

Doserer opp Moderna-koronavaksine

Hovudstrategien i møte med den nye smittebølga er å vaksinere fleire, slår statsminister Jonas Gahr Støre fast.

Foto: Anna Sørmarken Vestly / NRK

Regjeringa ber kommunane får opp tempoet i vaksineringa. Dei pliktar no å tilby eit lett tilgjengeleg vaksinetilbod.

Det kan for eksempel vere drop-in-tilbod utanom vanleg arbeidstid eller heimevaksinering, seier helseministeren.

Utelukkar ikkje fleire tiltak

Koronastrategien til regjeringa har først og fremst som mål å hindre overbelastning på sjukehusa, opplyser Støre.

– Strategien bygger på det vi veit har fungert tidlegare i pandemien, med utstrekt testing og isolasjon ved sjukdom.

Støre seier dei er klare for å innføre tiltak dersom smittesituasjonen krev det, og påpeiker at den nye omikronvarianten skaper usikkerheit.

Solberg med tydelege krav

Tidlegare statsminister og Høgre-leiar Erna Solberg takkar for orienteringa til Støre, men har klare forventningar til den nye regjeringa.

– Eg forventar ei regjering som er meir frampå framover, som kommuniserer tydelegare, handlar raskare og høyrer på faglege råd.

Statsministeren redegjør for Stortinget om koronasituasjonen

Erna Solberg (H) vil ha gode grunngjevingar dersom regjeringa vel å ikkje følge faglege råd, men ønsker dei lykke til i ein krevjande situasjon.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Solberg er glad for regjeringa sørger for at tempoet i vaksineringa aukar, men etterlyser ei avklaring på vaksinering av barn.

Frp-leiar Sylvi Listhaug seier mange er letta over at det ikkje blir ei ny nedstenging no, men meiner regjeringa må ha ein plan for å auke talet intensivplassar og utdanne fleire sjukepleiarar.

– No ser vi at operasjonar avlysast utan ein plan for å møte det, seier Listhaug.

Rødt-leiar Bjørnar Moxnes vil ha svar på kva konkrete grep regjeringa tar for å auke talet permanente intensivplassar.

– Når vi ikkje eingong klarar å stanse flukta frå helsevesenet, då hjelper det lite å berre utdanne fleire sjukepleiarar, seier Moxnes.

Støre anerkjenner at helsetenesta er i ein vanskeleg situasjon.

– Det å utdanne helsepersonell, tar tid. Det er ein pressa situasjon. Det er krevjande å ikkje få fri, og bli kalla inn når ein har fri. Vi anerkjenner og tar tak i det, seier statsministeren.

Koronapressekonferanse etter statsministerens redegjørelse i Stortinget

Regjeringa og helsemyndigheitene orienterte tysdag om koronasituasjonen.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT