Hopp til innhold

Støre om hemmelege korona-referat: – Uklokt

Jonas Gahr Støre har ikkje forståing for at regjeringa sin Koronakommisjon held tilbake regjeringa og helsetoppane sine forklaringar.

Jonas Gahr Støre taler til Arbeiderpartiets landsstyremøte

Reagerer: Ap-leiar Jonas Gahr Støre reagerer på at forklaringane til regjeringsmedlem og helsetoppar er hemmelegstempla.

Foto: Stian Lysberg Solum / Stian Lysberg Solum

Regjeringsmedlem og helsetoppar har no forklart seg for koronakommisjonen som er oppnemnd i regjeringa. Rapporten skal vera klar om ein månads tid.

Akkurat kva statsminister Erna Solberg, helse- og omsorgsminister Bent Høie, FHI-direktør Camilla Stoltenberg, FHI-overlege Preben Aavitsland, helsedirektør Bjørn Guldvog og assisterande helsedirektør Espen Nakstad har sagt, får vi ikkje vete.

Forklaringane er hemmelegstempla. Det får Ap-leiar Jonas Gahr Støre til å reagera.

Ber koronakommisjonen snu

– Å avvisa offentleggjering er uklokt. Det skapar tvil og det gjev grunnlag for ein mindre opplyst debatt, seier han.

Ap-leiaren trekkjer trådar til striden som blei teken opp av Gjørv-kommisjonen etter 22. juli.

– Det blei bestemt i etterkant at dei referata frå politikarintervju, men også med politi- og embetsfolk blei gjort offentlege. Det var klokt då. Vi bør læra av det og gjera det same her, seier han.

Jonas Gahr Støre seier at han ser fram til å lesa kommisjonen sine konklusjonar når dei set saman dei inntrykka dei får, men at det skapar unødig uvisse å halda forklaringane borte frå offentlegheita.

– Det er klokt å offentleggjera dei samtalane kommisjonen har hatt med politikarar og helsefolk. Det er viktig å vera opne for å læra av dei erfaringane som vi har hatt i koronatida.

Trur vi kan læra av rapporten

Han tenkjer det viktigaste er at kommisjonen er nedsett for å læra av korleis vi var førebudde, og korleis vi har handtert koronasituasjonen.

– Eg tur alle i Noreg har forståing for at det var ein uventa situasjon, og at vurderingane ein gjorde i våren 2020 er annleise enn våren 2021.

På grunnlag av dette meiner Jonas Gahr Støre at det difor er ingen som bør frykta for at ulikskapar i vurderingane blir kjende.

– Tvert i mot så trur eg at det er viktig for å forstå det alle har vore gjennom. Dette er jo ei krise som har råka alle nordmenn, seier han.

– Og det å då få kunnskap om korleis dei som har hatt ansvaret for å ta avgjerder har tenkt, er også ein måte å dela på ansvaret og erfaringane frå avgjerdene, legg han til.

Ap-leiaren har også blitt intervjua

Leiaren for Arbeidarpartiet presiserer at det største problemet med å hemeleggjera forklaringane er at det skapar unødvendig tvil og grensar til mistru. Han kan ikkje sjå nokon grunn til å ha slik tvil.

– No ser eg at leiaren for kommisjonen, som eg har stor respekt for og som er ein veldig respektert helseadministrator og medisinar, seier at referata ikkje er kvalitetssikra og gjennomgåtte. Alt det skjønar eg bør gjerast på ordentleg vis, seier han.

Jonas Gahr Støre har sjølv blitt intervjua av kommisjonen.

– Og eg føreset at også eg får godkjenna kva eg har sagt, men derifrå og ut bør det vera offentleg, seier han.

– Har du forståing for at noko blir halde tilbake?

– Eg har ikkje noko forståing for det, seier Ap-leiaren.

AKTUELT NÅ