Storbyane i landet vil bestemme sjølv om og når det er forsvarleg å servere alkohol på byen. Det kunngjorde i dag KS storbynettverk.
Nettverket består av kommunane Oslo, Bærum, Bergen, Trondheim, Stavanger, Kristiansand, Drammen og Tromsø.
– Det kan godt vere eit nasjonalt rammeverk i botn, men viss det skal vere strengare skjenkereglar, så bør det vere ut frå lokale smittevernomsyn og smittesituasjon, seier styreleiar i KS, Gunn Marit Helgesen, til NRK.
Storbykommunane meiner ein må lette på skjenkereglane av omsyn til dei tilsette, bransjen og kulturlivet.
Gunn Marit Helgesen er styreleiar i interesse- og arbeidsgivarorganisasjonen til kommunesektoren KS.
Foto: Artur do Carmo / NRK– Kommunane har veldig god kompetanse etter to år i ein pandemi, og tett samarbeid med bransjen, seier Helgesen.
Dette ønsker storbyane:
- Nasjonale, eller helst lokale føresegner om skjenkjestopp berre innanfor bestemde klokkeslett.
- Koronapass for inngang til kulturliv og restaurantar, slik at ein kan lette på tiltak.
- Tillate meir smitte som ein veg ut av pandemien, innanfor toleevna til helsetenesta.
Samde med Oslo
Det var i eit intervju med VG i går at byrådsleiaren i Oslo Raymond Johansen (Ap) kravde svar frå partifelle Ingvild Kjerkol (Ap) og helsetoppane om presset på helsetenestene.
– Er sjukehuskapasiteten faktisk så pressa at vi må halde fleire titals tusen i ein bransje – restaurantane og utelivet – vekke frå arbeidsplassane sine? spurde Johansen, og la til at svara frå helsetoppane så langt har vore vage og inkjeseiande.
Ordføraren i Kristiansand, Jan Oddvar Skisland (Ap), leiar KS storbynettverk.
Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRKUnder eit møte i KS storbynettverk fredag fekk Johansen støtte frå fleirtalet i utvalet.
Leiar av nettverket og ordførar i Kristiansand, Jan Odvar Skisland, seier til NRK at skjenkestoppen rammar ein allereie hardt prøva bransje kraftig. Både dei som driv og dei som jobbar der.
– For mange menneske er dette òg møtestader som dekker eit sosialt behov, seier han.
Må diskutere å tillate meir smitte
I Bergen meiner byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) at det er på tide å diskutere korleis vi kan leve med pandemien.
– Særleg når vi har fått tredje vaksinedose. Det kan ikkje vere fleire vintrar med slike tiltak som vi har no. Dersom omikron er slik at vi kan tole at alle får det, for å komme forbi pandemien, så meiner eg vi må diskutere det, slik dei gjer i Danmark.
Øyvind Bakkebye Moe i utelivsbransjen i Tromsø fortel at koronatiltaka verkar demoraliserande på alle som arbeider der.
Foto: Jørn Inge Johansen / NRKEin av dei som kjenner at skjenkestoppen tærer på moralen er Øyvind Bakkebye Moe i utelivs- og kulturbransjen i Tromsø. Han er lei av at helsetenesta får heile definisjonsmakta i pandemien, og at det berre er presset i helsetenesta som blir teke omsyn til.
– Det følast som eg er med i ein boksekamp der eg ikkje anar kor mange rundar eg må gå. Vi skapar taparar no, og det er mykje sinne.