Hopp til innhold

Gløymde å lukke døra – 2000 liter med skumvæske i gatene

Det automatiske sløkkeanlegg fungerte godt då brannalarmen gjekk og skum fløyma ut i gatene. Brannvesenet må bruke fleire dagar på å suge det opp.

Det har vore ein stor skumlekkasje ved eit industribygg ved Grini Næringspark i Bærum.

Ifølgje Politiet skal det ha vore røykutvikling i eit kontrollrom. Brannen blei sløkt av eit automatisk sløkkeanlegg som førte til store mengder skum i området.

Skumslukkeanlegget fungerer slik at heile rommet blir fylt med skum ved ein brann.

– Det har skjedd ein openberr feil, ein port har stått open og då har alt skummet runne ut, fortel Erlend Systad, innsatsleiar i Brann Asker og Bærum.

Totalt har 2000 liter med skumvæske rent ut, noko som svarar til 1400 kubikkmeter med skum.

Skumlekkasje Grini næringspark i Bærum
Skum på Bærum
Skumlekkasje Grini næringspark i Bærum

Politiet har avslutta innsatsen på staden og brannvesenet er i gang med å rydde opp.

– Vi fekk melding om ein røykutvikling som utløyste eit automatisk sløkkeanlegg, og det har i alle fall generert nok skum.

– Det har runne ein del skum ned i elva, og brannvesenet meiner det ikkje er akutt fare for elva, seier operasjonsleiar Bjarne Pedersen.

Ikkje miljøskadeleg

Brannvesenet har vore i kontakt med den amerikanske produsenten av skummet som meiner at det ikkje skal vere miljøskadeleg.

– Det har vore veldig mykje regn dei siste dagane, og det er meldt mykje regn i dagane framover, så vi håper at dette vil fordampe og bli borte av seg sjølv.

I tillegg er det sette inn lensepumper og sugebilar som tek bort delar av væska og skummet.

Likevel går det nok nokon dagar før alt skummet er borte.

Skum
Foto: Asker og Bærum Brann- og redning IKS

– Det viser jo at anlegget har fungert som det skal. Det er jo eit lettskumannlegg som skal kvele ein brann. Da skal man fylle eit lager på veldig kort tid og det er tilfellet her.

Det seier dagleg leder i Brannfag AS Anders Sandmæl. Han fortel at dei gjekk med skum opp til livet liket etter alarmen vart løst ut.

– Det var ein som rømte gjennom ein port, så porten vart ståande oppe. Ein ser at det er mykje på kort tid.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger