Hittil i år har det vore ei berg- og dalbane i utviklinga av leigeprisar. I byrjinga av koronapandemien gjekk leigeprisane ned, før ein såg ein kraftig auke i juni.
– Ein såg ein auke på fem prosent samanlikna med i fjor, men dette har dabba litt av til juli. Vi har aldri målt høgare pris i hovudstaden, seier Kjetil Olsen, dagleg leiar for husleigeplattforma husleie.no. Dei står 15 prosent av alle leigeforholda i Noreg.
Ifølgje husleie.no har gjennomsnittsprisen for å leige bustad auka med ein prosent på landsbasis sidan juli i fjor. Men det er store forskjellar for kva ein må betale rundt om i landet.
I Trondheim vil husleiga på ei treroms leilegheit no vere på rundt 9430 kroner i månaden. I Bergen må du ut med 10.591 kroner for ein tilsvarande bustad. I Oslo ligg gjennomsnittet på 15.673 kroner i månaden.
I sistnemnde by er auken på 1,7 prosent samanlikna med i fjor. I sentrum er auken på nesten 10 prosent, ifølgje utleigeplattforma.
– I fjor snakka studentar om at ein måtte ut med 6000 kroner per månad for å leige bustad. No har det auka til 7000 kroner eller meir, seier Olsen.
Han har sett fleire stader at leigetakarar byr ein høgare pris enn det som står i annonsen, fordi ein er desperate etter å finne ein stad å bu.
Både tala frå finn.no og husleie.no er basert på eigne statistikkar for utleige. Tal frå Utleiemegleren viser den same tendensen.
I enkelte byar har gjennomsnittsprisen gått ned, medan han i andre har gått opp. Dette varierer også mellom bydelane, og kva type bustad ein er på jakt etter.
Avhengig av deltidsjobb for å leige
Anton Lier og Markus Rande har nyleg flytta til Oslo for å studere. Etter fleire månader med leiting fann dei til slutt ei leilegheit til tre personar på Frogner.
– Vi brukte lang tid på å leite, og såg fort at om det var her, eller lenger utanfor sentrum, var prisane så å seie like, seier Rande.
Per person betalar dei 7000 kroner i leige kvar månad. Då er ikkje straum eller internett inkludert. I tillegg har dei betalt 21.000 kroner i depositum kvar.
– Det blir 100 prosent nødvendig å jobbe ved sidan av studielån og stipend, så må vel rekne med annakvar veke, og eit par helge i månaden, seier Rande.
Men, sjølv med ei leilegheit som gjer dei avhengige av å arbeide i tillegg til å vere fulltidsstudentar, har dei vore «heldige». For i Oslo Vest må ein fort ut med 18.000 kroner for ei treroms leilegheit.
Blir innelåst i leigemarknaden
– For mange er det mest praktisk og best å bu sentralt i byane. Då er dei i ein litt vanskeleg situasjon på leigemarknaden, når det har auka så mykje, seier samfunnsøkonom Viggo Nordvik.
Han meiner studentar og dei som studerer litt og jobbar litt er dei mest sårbare gruppene, fordi ein er avhengig av å bu nære der ein studerer.
Han fryktar dette kan føre til at folk blir innelåst i leigemarknaden.
– Mange må bruke mykje av dei økonomiske ressursane sine på husleige. Dermed reduserer dei moglegheita til å spare opp pengar til å gå over til å eige seinare, seier Nordvik.
– Ikkje alle skal bu i sentrum
Kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup er einig i at prisauken, spesielt i sentrum av hovudstaden, har vore stor.
Han seier at regjeringa vil gjere meir for å regulere bustadmarknaden og å bygge fleire bustader, men at studentane også må sjå utanfor sentrum for å finne billigare stader å leige.
– Alle kan ikkje bu i sentrum. Studentane bur stort sett i attraktive sentrale strøk, eg trur ein også må sjå litt utanfor den sirkelen, seier Astrup.