Hopp til innhold

Stor pågang for å låne gratis vinterutstyr: – Mange må gå tomhendt heim

Til stor glede får Hitesh (14) låne skøyter for første gong, men ikkje alle er like heldige. Utlånsordningar over heile landet manglar kapasitet til å møte den store etterspurnaden.

Hitesh Sharma får låne skøyter.

FØRSTE GONG: Her lånar Hitesh Sharma (t.v.) skøyter for første gang.

Foto: Hallgeir Aunan/NRK

Det er lange køar for å få låne utstyr på Bua i Jessheim om dagen.

Her ventar foreldre og barn i timevis for å låne ski, skøyter og akebrett, slik at også dei får nyte dei fine vinterforholda som har prega store delar av landet den siste tida.

14 år gamle Hitesh Sharma var ein av dei første i køen for å låne skøyter og hockeykølle. I godt humør prøver han utstyret for første gong.

– Eg er ganske spent på å prøve, seier han til NRK.

 Haron Sharma (14) låner skøyter

GLAD: – Eg er ganske spent på å prøve, seier Hitesh Sharma.

Foto: Rahand Bazaz / NRK

Ein frivillig hjelper til med å finne rett størrelse, medan 14-åringen ser seg rundt i lokala.

– Nokon likar å kjøpe utstyr med ein gong, andre likar å prøve ut først. Eg synest det er veldig bra at det finst eit slikt tilbod, seier 14-åringen.

Men det er ikkje alle som er like heldige som Hitesh Sharma på grunn av den enorme pågangen, fortel dagleg leiar i Bua, Monica Vogt.

– Dei står lenge i kø for å låne utstyr, og når det er deira tur er det ikkje noko igjen i deira størrelsar. Mange må gå tomhendt heim.

Ho trur løysinga er meir pengar til drift, fleire folk som kan jobbe og lengre opningstider.

– No er det veldig mange som jobbar frivillig, men kapasiteten er sprengd fleire stader, seier Vogt.

Nær dobling i lån av utstyr

Bua er ein ideell organisasjon som leiger ut fritidsutstyr gratis til barn og unge. Dei har over 150 utstyrssentralar over heile Noreg. Nokre er koronastengt, men kapasiteten er sprengd på dei fleste av dei 126 sentralane som held ope.

– Me er uroa fordi utlånstoppen vanlegvis kjem i februar og allereie no opplever me tomme hyller mange stader.

Hittil i januar har dei lånt ut om lag 15. 000 utstyrseiningar. For same periode i fjor hadde dei lånt ut 8194 utstyrseiningar. Det er nær dobbelt så mange. Voigt seier det har vore ein eksplosiv auke i heile landet.

Den same tendensen går igjen hos Skattekammeret, utlånsordninga til Kirkens Bymisjon.

– Folk er leie av korona og vil ut, seier Kristian Randen, prosjektleiar i Skattekammeret.

Skistaver for gratis utlån.

GRATIS: BUA og Skattkammeret er to utlånsordningar der barn og unge får låne utstyr gratis.

Foto: Rahand Bazaz/NRK

Dei har over 22 stasjonar i Noreg. I desember opna dei eit heilt nytt utstyrslager på Frogner i Oslo. Halvvegs ut i januar har dei allereie måtta kjøpt ekstra utstyr for å møte behovet.

– Det har auka veldig etter jul, både hos stasjonen på Frogner og St. Hanshaugen, seier Randen.

I tillegg til at gjenbruk er i vinden, trur han at fleire kjenner på eit sterkare økonomisk press på grunn av koronasituasjonen.

Både Bua og Skattekammeret jobbar for at barn og unge skal kunne ha ein aktiv kvardag, utan at prislappen er ei hindring.

– Det er viktig at pris ikkje er ein ekskluderande faktor, seier Randen som meiner det er viktig med midlar frå det offentlege for å sikre tilbodet.

Prosjektleder i Kirkens Bymisjon Frogner, Kristian Randen.

HANDLETUR: Kristian Randen måtte på handletur for å skaffe meir utstyr til Skattekammeret.

Foto: Rahand Bazaz/NRK

Ber om støtte

Men utstyrsordningane treng hjelp for å sikre at alle som vil får låne utstyr gratis, seier Vogt.

Ho meiner at moglegheita for å låne aktivitetsutstyr kan gjere kvardagen betre for mange barnefamiliar, særleg no under korona.

– Korona har skulda for auken. Det er ikkje så mykje anna å gjere i desse dagar og mange har ikkje høve til å reise vekk heller. For å vere med på aktivitetar, treng du akebrett, ski og skøyter. Me ser at utstyrssentralane blir gløymd, seier ho.

I eit brev til barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad ber ho om ekstra tilskot til utstyrssentralane, slik at ingen blir ståande igjen utan.

Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad.

POSITIV: Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad seier dei vil vurdere å gje støtte til utstyrssentralane

Foto: Berit Roald / NTB

– Dette er noko me absolutt vil vurdere. Me har nettopp auka løyvinga med 50 millionar kroner i desember, og er opptatt av at barn og unge skal kunne låne utstyr, seier Ropstad til NRK.

Han seier han er glad for jobben utstyrssentralane gjer, og for at stigma rundt gratisordningane ser ut til å ha forsvunne.

Men han deler bekymringa for at folk risikerer å reise tomhendte heim.

– Eg synest det er vondt å tenke på at det kan vere barn som besøker ein utstyrssentral og ikkje får det utstyret dei treng, seier han.

AKTUELT NÅ